Sjøgata i Mosjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjøgata i Mosjøen

Sjøgata er ei gate i Mosjøen i Vefsn kommune. Gata har den lengste samanhengande rekkja med trehus i Nord-Noreg. Trehusa er i hovudsak frå 1800-talet, og dei fleste av dei er tatt godt vare på.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sjøgata er den eldste delen av byen Mosjøen. Opphavleg følgde gata ei rekkje med naust og bryggjer som Vefsn-gardane hadde på grunnen til garden Mo. Etter kvart vart det bygd hus for handel og gjestgjevar, som flytta verksemda si frå Kulstadsjøen til Mosjøen. Staden fekk ein kraftig vekst på 1860- og 70-talet i samband med hogst av tømmer i Vefsnvassdraget og drifta på sagbruket på Halsøy. Sjøgata fekk då ein meir bymessig byggestil, mange av husa bygd med inspirasjon frå bybebyggelsen i Trondheim. Frå 1875, då Mosjøen fekk bystatus, vart det utarbeidd ein byplan for området aust for Sjøgata, og alle bygningar vart bygd i rektangulære kvartal på ca. 50 x 80 m.

I 1970 var husa i Sjøgata prega av forfall, og kommunen ville rive husa i Sjøgata for å få areal for parkeringsplassar i sentrum. Det mobiliserte folk til engasjement for å sette husa i stand, og til å protestere på rivingsplanane.

Rivingsframlegget vart stoppa, og i dag er sjøgataprosjektet ein suksess som har gitt Mosjøen ein turistattraksjon og eit aktiv historisk bymiljø. I 2004 vart Sjøgata-miljøet tildelt Olavsrosa.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Dag Nilsen: Byggeskikken i Mosjøen 1860 1940 i Vefsn bygdebok særbind IV ISBN 82-990173-7-8

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]