Pollinering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sjølvmjøling)
Europeisk honningbie (Apis mellifera) dekt av pollen. Bier er mellom dei viktigaste pollinator-artane på verdsbasis.

Å pollinere (eller mjøle) er å føre pollen over frå pollenknapp til frømunn eller arr og såleis befrukta egget til planta. Dette vert gjort av pollinatorar eller pollenvektorar, og ein skil mellom vind-, vass- og dyrepollinerte plantar. Hjå dekkfrøingar vert pollenet overført frå opne pollenberarar til arra på griffelen, medan nakenfrøingane får det overført direkte til frøemnet.

Vindpollinering[endre | endre wikiteksten]

Vindpollinering eller anemofili (frå gresk anemos - vind) er vanleg hjå mange plantar, til dømes gras og mange tre. Typisk for vindpollinerte plantar er at dei har ope plasserte blomar utan noko særleg til duft eller farge. Dei er som regel plasserte på stadar dei lett kan spreie store mengder med pollen, særleg tidleg om våren. Nåletre har pollen med luftsekkar.

Pollenkorn frå vindpollinerte artar er aerodynamisk tilpassa, ofte særs flate. Vindpollinerte artar produserer gjerne pollenet sitt i store mengder for å sikra at i det minste noko av det kjem fram dit det skal.

Dyrepollinering[endre | endre wikiteksten]

Solsikkepollen er fullt av piggar så det lettare skal festa seg til insekt som vitjar planten.

Det er mange slags dyr som kan pollinera plantar. Dei fleste dyrepollinerte artar nyttar insekt som bier, sommarfuglar, fluger eller biller. Typisk for insektpollinerte plantar er store og iaugefallande blomar med saftmerke og sterk duft. Dei skil ofte ut nektar for å lokka til seg symbiontane sine, og har som regel pollen som er utforma til å setta seg fast i insektet.

I tropane finst det mange artar som vert pollinerte av fuglar og flaggermus. Fuglar vitjar gjerne store blomar med sterke fargar, men utan lukt. Flaggermus vil òg ha store blomar, helst kvit-grønlege med masse nektar og veksande utanfor bladverket.

Ein fordel med dyrepollinering er at planten ikkje treng å produsera like mykje pollen - det vert spreidd spesifikt, med stort sannsyn for at det kjem seg til ein annan blome av same art. Mange plantar har ko-evolvert med dyr og utvikla gjensidige artsspesifikasjonar - til dømes kan ikkje ballblom pollinerast utan ballblomfluger av slekta Chiastocheta.

Vasspollinering[endre | endre wikiteksten]

Vasspollinering eller hygrofili er vanlegast i vassplanter som til dømes ålegras. Blomane er her, som hjå dei vindpollinerte artane, særs lite iaugefallande. Hannblomar kan anten senda pollenet ut i vassmassane, eller rett og slett losna og flyta på vatnet.

Sjølvpollinering og krysspollinering[endre | endre wikiteksten]

Ved sjølvpollinering vert det overført pollen til arr på same plante. Krysspollinering eller framandpollinering skjer på den andre sidan mellom blomar på ulike plantar. Reint evolusjonært er krysspollinering det mest ønskelege, sidan dette fører til genetisk rekombinasjon, og plantane har difor utvikla mange ulike mekanismar for å hindra sjølvpollinering.

Somme artar er polymorfe der kvar einskildplante lagar pollen som ikkje passar saman med deira eigne arr. Andre plantar av same art kan anten ha same type eller andre typar pollen, og berre pollenkorn frå ein plante med korn av eit anna slag enn det planten sjølv har vil føra til ei ny zygote. Dette vert kalla sjølv-inkompatibilitet.

Ei anna polymorfisme kalla heterostyli vert nytta når blomane har ulik lengd på griffelen hjå individ av same art. Dette fører til at pollenknappane vert sitjande i ulik høgd i høve til arret. Døme på plantar med dette er nøkleblom, bukkeblom og kattehale.

Mange plantar løyser problemet ved å la pollen og arr mognast til ulike tider. Geitrams spreier til dømes først pollenet sitt før dei lèt arret mogna og ta imot nytt pollen. Kjempefamilien og hårfrytle er døme på artar som først er hoer.

Mellom andre orkidear og sverdlilje har løyst problemet ved å ha plassert pollensekkar og arr langt frå kvarandre. Det finst òg særkjønna plantar (til dømes konglepalme og gingko), eller plantar som både har hann- og hoblomar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]