Sjølvstendekrigen til Rákóczi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Flagget til Rákóczi

Sjølvstendekrigen til Rákóczi (1703–1711) var det første forsøket på å styrte styret til Habsburgmonarkiet over Ungarn. Krigen vart utkjempa av ei gruppe adelsmenn, rike og høgtståande folk og var leia av Frans II Rákóczi (II. Rákóczi Ferenc på ungarsk).

Opprøret var mislukka, og det same var den ungarske revolusjonen i 1848 hundreåret etter, og tittelen konge av Ungarn vart verande hos dei habsburgske keisarane fram til Det austerrikske riket fall etter første verdskrigen, noko som førte til at den kortvarige Den ungarske demokratiske republikken vart danna i 1918.

Opptakt[endre | endre wikiteksten]

Med Freden i Karlowitz i 1699, sa Det osmanske riket frå seg nesten alle krava til somme av landområda sine, som dei erobra frå det mellomalderske kongedømet Ungarn etter 1526. Adelen var imot habsburgsk styre på grunn av desse, og fordi landområda tidlegare teken frå dei av osmanarane berre vart gjeven attende til dei som kunne bevise at dei hadde rett til å eige eigedommane og kunne betale 10 % av verdien til desse til habsburgarane. Om dei ikkje klarte dette, så gjekk eigedomane til kreditorane i riket. Bondestanden vendte seg mot riket på grunn av all uretten dei langvarige krigane førte med seg. I 1697 vart eit opprør mot Habsburg i Tokaj slått ned. Forholdet mellom hoffet og adelen vart derimot dårlegare, og dei nye Habsburg-herskarane handsama bøndene så dårleg at somme til slutt ønskte å gå attende til det tyrkiske styret.[1]

Opprør[endre | endre wikiteksten]

Internasjonale forhold gav Ungarn eit høve til å frigjere seg sjølv frå habsburgarane. Med støtte frå Ludvig XIV av Frankrike gjorde anti-habsburgske opprørarar, leia av ein ung adelsmann, Imre Thököly opprør mot riket i 1678. Thököly okkuperte det meste av Nord-Ungarn og områda i dagens Slovakia. I 1681 støtta osmanarane han og Thököly vart annerkjend som konge av Øvre Ungarn av sultan Mehmed IV. Då osmanarane tapte slaget ved Wien i 1683, mista Thököly støtta til osmanarane og vart til slutt slått i 1685. Alliansen hans med osmanarane endra det positive synet Vest-Europa hadde hatt på Ungarn, og i staden for å verte rekna som ein bastion for kristendommen, vart landområdet no sett på som fiendtleg.[2]

Leiarskap[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Frans II Rákóczi.

Frans II Rákóczi (ungarsk II. Rákóczi Ferenc) var sonen av ein gammal adelsfamilie og ein av dei rikaste landeigarane i Kongedømet Ungarn. han var greve (comes perpetuus) av Comitatus Sarossiensis (ungarsk Sáros) frå 1694 og frametter. Han var son av Frans I Rákóczi, valt til herskande fyrste av Transilvania, og Ilona Zrínyi, fødd i 1676. Faren døydden då han var spedbarn, og mora gifta seg med Imre Thököly i 1682. Etter at Thököly vart slått, heldt Zrínyi slottet i Munkács (i dag Mukatsjeve i Ukraina) i tre år, men vart til slutt tvungen til å overgje seg. Etter freden i Karlowitz, då stefaren og mora vart sendt i eksil, var Rákóczi i Wien under oppsyn av habsburgarane.

Restar av bondehæren til Thököly starta eit nytt opprør i regionen Hegyalja nordaust i dagens Unarn, som var ein del av eigedomen til Rákóczi-familien. Dei erobra slotta Tokaj, Sárospatak og Sátoraljaújhely, og bad Rákóczi om å verte leiaren deira, men han var ikkje villig til å leie det som verka å vere eit mindre bondeopprør. Han reiste raskt attende til Wien, der han prøvde å reinvaske seg. Rákóczi vart så ven med grev Miklós Bercsényi, som eigde naboeigedomen hans i Ungvár (dagens Uzjhorod i Ukraina). Bercsényi hadde høg utdanning og var den tredje rikaste mannen i kongedømet (etter Rákóczi og Simon Forgách), og var knytt til det meste av det ungarske aristokratiet.

Sjølvstendekamp[endre | endre wikiteksten]

Huset Habsburg var på kanten til å døy ut, såg Frankrike seg om etter allierte i kampen mot det austerrikske hegemoniet. Dei tok derfor kontakt med Rákóczi og lovde han støtte om han tok opp saka om ungarsk sjølvstende. Ein austerriksk spion fekk tak i denne informasjonen og informerte keisaren. Som direkte resultat av dette vart Rákóczi arrestert den 18. april 1700, og sett i fengsel i festninga i Wiener Neustadt (sør for Wien). Det vart tydeleg under dei førebuande høyringane at, som med bestefaren Péter Zrínyi, var den einaste mogelege dommen for Frans døden. Med støtte frå den gravide kona hans Amelia og fengselskommandanten, klarte Rákóczi å rømme og flykte til Polen. Her møtte han Bercsényi igjen, og i lag tok dei kontakt med det franske hoffet.

Tre år seinare førte den spanske arvefølgjekrigen til at ein stor del av dei austerrikske styrkane i kongedømet Ungarn mellombels forlet landet. For å ta nytte av denne situasjonen starta kuruc-styrkane eit nytt opprør i Munkács, og Rákóczi vart beden om å leie det. Han valte å satse alt på ei krig for å frigjere landet, og tok imot utfordringa. Den 15. juni 1704 slo ei gruppe på 3000 armerte menn på veg mot Tamás Esze seg saman med han nær den polske byen Lawoczne. Bercsényi var der òg med franske midlar og 600 polske leigesoldatar.

Det fleste av den ungarske adelen støtta ikkje opprøret til Rákóczi, fordi dei ikkje rekna det for å vere anna enn ein bondeoppstand. Rákóczi bad om støtte hos adelen i Szabolcs fylket men til ingen nytte. Han klarte å overtyde Hajdús (sjølvstendige bondekrigarar) om å verte med i styrken hans, slik at styrkane hans kontrollerte det meste av Kongedømet Ungarn aust og nord for Donau i september 1703. Han heldt fram å erobre Transdanubia kort tid etter.

Statue av Rákóczi i Budapest i Ungarn.

Sidan austerrikarane måtte kjempe mot Rákóczi på fleire frontar, følte dei seg tvungen til å gå inn i forhandlingar med han. Sigeren til austerrikarane og britane mot ein samla fransk-bayersk arme i slaget ved Blenheim den 13. august 1704, gav austerrikarane ein fordel ikkje berre i den spanske arvefølgjekrigen, men òg i å hindre styrkane til Rákóczi med å slå seg saman med deira fransk-bayerske allierte.

Dette sette Rákóczi i ein vanskeleg militær og økonomisk situasjon. Den franske støtta forsvann gradvis, og det var trong for ein større arme for å okkupere landområda dei alt hadde erobra. Samstundes hadde han ikkje midlar til å forsyne den noverande armeen med våpen og mat. Han prøvde å løyse problemet med å lage ein ny koparbaset mynt, men denne vart stort sett ikkje akseptert i Ungarn der folket var vande med sølvmyntar. Likevel kalrte Rákóczi å oppretthalde det militære overtaket ei stund til. Etter 1706 vart derimot armeen hans tvungen til retrett.

Eit møte i den ungarske riksdagen (som bestod av seks biskopar, 36 aristokratar og om lag 1000 representantar frå lågadelen frå 25 fylke) nær Szécsény (Nógrád fylke) i september 1705, valte Rákóczi til å verte «fejedelem»- (herskande) fyrste for konfødererte landområda i kongedømet Ungarn. Han skulle assisterast av eit senat på 24 medlemmar. Rákóczi og senatet fekk delt ansvar for å leie utanrikssaker, inkludert fredsforhandlingar.

Oppmuntra av England og Nederland starta fredsforhandlingane igjen den 27. oktober 1705 mellom Kuruc-leiarane og keisaren. Dei militære operasjonane heldt derimot fram og begge sidene varierte strategien sin etter den militære situasjonen. Den 13. desember slo Kuruc-styrkane leia av János Bottyán austerrikarane i Szentgotthárd. Ei hindring var suvereniteten over Transilvania, sidan ingen av sidene var villige til å gje opp dette området. Avtalen til Rákóczi med franskmennene hadde stoppa opp, så han vart overtydd om at den einaste måten å få dei forskjellige nasjonane til å forhandle med han var å erklære sjølvstende. I 1706 vart kona hans (som han ikkje hadde sett på fem år, i lag med sønene József og György) og systera hans sende som fredsambassadørar, men Rákóczi avslo innsatsen deira på vegne av keisaren.

Etter tilråding frå Rákóczi, og med støtte hos Bercsényi, vart det halde ein ny riksdag i Ónod (Borsod fylke) der dei erklærte seg sjølvstendige frå Huset Habsburg den 13. juni 1707. Men verken denne handlinga, eller koparvalutaen dei hadde sendt rundt for å hindre inflasjon, vart ein suksess. Ludvig XIV nekta å gå i nn i avtalar med fyrst Rákóczi, og ungararane stod utan allierte. Det var framleis eit høve for ein allianse med Russland, men dette vart heller aldri noko av.

I slaget ved Trencsén (ungarsk Trencsén, tysk Trentschin, latinsk Trentsinium, Comitatus Trentsiniensis, i dagens Slovakia), den 3. august 1708 snubla hesten til Rákóczi og han fall til bakken og slo seg medvitslaus. Kuruc-styrkane trudde han var omkommen og flykta. Dette nederlaget vart fatalt for opprøret. Fleire Kuruc-leiarar vende om og gav støtta si til keisaren i håp om nåde. Styrkane til Rákóczi hadde vorte avgrensa til området kring Munkács og Szabolcs fylke. Han stolte ikkje på orda til János Pálffy, som var sendebodet til keisaren som forhandla med opprørarane og fyrsten forlet derfor Ungarn og drog til Polen den 21. februar 1711.

Serbisk deltaking og andre rojalittar[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste serbarar godtok ikkje ultimatumet til Rakóczi og heldt seg nøytrale. Dette vart etterfølgd av straff for serbarane i Bácska og fleire serbiske landsbyar vart brende til grunnen. Serbarane gjekk derfor inn i styrken til keisaren og medverka i stor grad til å dempe opprøret til Rakóczi. Det var derimot òg nokre serbarar som kjempa på sida til Rakóczi, mot habsburgarane, som nybyggjarane i Semlak. Leiaren for dei serbiske troppane var kaptein Obrad Lalić frå Zenta.

Kroatia støtta òg Habsburgmonarkiet, så den kroatiske armeen og habsburgske strykar hindra derfor at Kuruc okkuperte Kroatia. Kroatiske og serbiske styrkar kjempa i Dunántúl og Øvre Ungarn. Transilvanske saksarar prøvde òg å distansere frå Rákóczi i 1703.

Dansk støtte[endre | endre wikiteksten]

Danmark skulle årleg låne ut kavaleri og infanteri. Habsburgarmeen nytta desse danske regimenta i Ungarn og dei danske soldatane var med på å kjempe mot ungararane og deira allierte. Dei kjempa mellom anna i det austlege Ungarn og i Transilvania, mellom anna i slaget ved Jibou.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lendvai, Paul: "The Hungarians: A Thousand Years of Victory in Defeat. Princeton University Press, 2004
  2. Magyar Virtuális Enciklopédia