Sjølvtenning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sjølvtenning er eit teknisk uttrykk for tenning av eit stoff utan vesentleg tilførsel av varme eller gnistar utanfrå.

Sjølvtenning oppstår særleg i rom der det blir lagra porøst brennbart material, som svakt fuktig høy, kolstøv og laust papir eller pussegarn som er fukta med torande oljer og liknande. Langsam oksidasjon i materialen, anten skapt av bakterielle prosessar, som i fuktig høy, eller ved kjemiske reaksjonar, utviklar varme. Inne i materialen, der varmen ikkje så lett slepp unna til omgivnadene, stig temperaturen, og dette aukar så farten av oksidasjonen og med det varmeutviklinga. Temperaturen kan då kome opp i sjølvtenningstemperaturen for materialen og det tek fyr.

Sjølvtenningstemperaturen er ikkje ein karakteristisk konstant for eit material, men avheng av tilhøve som trykk og blandingsforholdet med oksygen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]