Sjømerke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjømerke sør i Bretagne utstyrt med solcellepanel og lys. Toppmerke og farge viser at dette er kardinalmerke vest.
Bøye ved munningen av elva Loire. Toppmerke og farge syner at dette er lateralmerke babord. (Foto: Remi Jouan)

Eit sjømerke eller eit seglmerke er reint generisk ein gjenstand som er plassert til havs eller på land for å rettleie navigering av fartøy. Seglmerket skal gje informasjon til navigatøren om posisjon innanfor ein maritim kanal eller i ei skipslei, dei skal varsle om farar og administrere område for trygg ferdsel for båtar og sjøfly.

Typar av seglmerke[endre | endre wikiteksten]

Sjømerket er ein av tre typar, enten

  • ei flytande bøye som er forankra i havbotnen,
  • ei stong, ein stake eller bøye som står fast på land eller på havbotnen,
  • ein varde, ein båke eller eit anna dagmerke som står på land eller på grunt vatn.

Jernstenger og vardar kan ha peikarar som viser retning mot trygt farvatn. Alle typar sjømerke kan ha farge, form og mønstre som gjev ein ekstra informasjon til navigatøren. Bøyer og stenger kan vere utstyrte med lanterne (lys), dei kan òg ha indirekte belysning eller skoddesignal. Karakteristikken på lyset frå lanterna kan vere med på å identifisere sjømerket. Bøyer og stenger kan vidare vere utstyrt med eit nummer som gjev plasseringa av merket i ein serie og dei kan vere utstyrte med radarreflektor.

Føremål[endre | endre wikiteksten]

Ein finn seglmerke som markerer kanalar, farlege grunner, steinar eller vrak, fortøyingsplassar, fartsregulerte område, separerer trafikken og for andre navigasjonsføremål. Medan dagmerke berre er meint å vere synlege i dagslys, vil andre sjømerke kombinere lys, bjøller, horn, fløyter og radarreflektorar for å bli brukbare om natta og i andre omstende med redusert synsvidd.

Samvirke[endre | endre wikiteksten]

Sjømerke er supplement til andre innretningar som gjev visuelle signal, fyr og fyrlykter, og supplement til elektroniske system og radarfyr. Sjøkarta viser seglmerka med symbol som indikerer farge, form og lyskarakteristikk og dei vert vanlegvis identifisert med namn eller nummer.

IALA maritime bøyesystem definerer to system av merke ved å spesifisere form, farge og lyskarakteristikk avhengig av føremålet dei tener. Europa og store delar av verda elles nyttar systemet for «IALA region A». I Noreg finst andre, ofte eldre sjømerke i tillegg til merkinga som følgjer den internasjonale standarden, sjå merking av norskekysten.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]