Sjømil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sjømil vart tidlegare brukt for å måle avstandar på sjøen, og tilsvarer omtrent 4 nautiske mil.

Før meterkonvensjonen vart innført i 1875, vart sjømila rekna til 3950 famner, det vil seie 7435 m. I 1875 vart det bestemt at ei sjømil skulle vere lik ei geografisk mil, som var 115 av ein ekvatorgrad, eller 7421 m. Ei sjømil vart da fire bogeminutt, eller fire kvartmil, kvar på 1855,2 m.

Sjømila og kvartmila gjekk ut av bruk i 1929, då den internasjonale nautiske mila (nøyaktig lik 1852 m) vart innført. Omgrepet sjømil vart likevel bruka om den nye internasjonale nautiske mila i daglegtale slik at ei sjømil og ei nautisk mil i moderne norsk er synonym og vert bruka om kvarandre.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]