Sjøredningskorps

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det er føreslått at denne sida blir fletta med Redningsselskapet. (Sjå eventuelt diskusjon)

Sjøredningskorps har i Noreg vorte oppretta for å drive aktivt sjøredningsarbeid, og å gi ålmenta opplæring og trening i tryggleik til sjøs. Det er Redningsselskapet som har oppretta og driv dei 24 redningskorpsa, med til saman 1200 frivillige.[1]

I 1980-åra vart det gjort ulike forsøk på å starte sjøredningskorps ulike stader i landet. Desse forsøka førte ikkje fram. I Trondheimsfjorden og på Mjøsa var det redningsfartøy som vart bemanna av frivillige. Desse to redningsskøytene RS «Jaycees» (RS 98) og RS «G.J.Kastor» (RS 97) vart bemanna av frivillige utan at drifta var organisert som sjøredningskorps. I 1996 oppretta Redningsselskapet eit sjøredningskorps i Arendal. Dette var meint som ei prøveordning. Forsøket var vellukka og fleire korps har vorte oppretta. Det har og vorte oppretta slike korps ved innsjøane Mjøsa og Femunden.[2]

Sjøredningskorpsa disponerer mindre fartøy som er bygde for stor fart, og som har vassjet som framdrift i staden for propell. Desse fartøya vert bemanna av frivillig mannskap som er medlemmer av Redningsselskapet. Sjøredningskorpsa er basert på heilårsdrift og er eit supplement til dei fast bemanna redningsskøytene.[1][3]

Oversikt over sjøredningskorps og fartøy[3]:

Landsdel Sjøredningskorps Fartøy
Nord-Noreg Alta RS 145 Vekteren
Tromsø RS 128 Gideon
Harstad RS 122 Simrad Færder
Brønnøysund RS 144 Uni Helgeland
Midt-Noreg Namsos RS 124 Hvaler
Levanger RS Båt 16
Trondheim RS 131 Uni
RS 164 Jens Bye
Femunden RS 149 Uni Røros
Vestlandet Aukra RS 141 Mærsk
Ålesund RS 154 Det Norske Veritas II
Måløy RS 123 Simrad Buholmen
Mongstad RS 130 Utvær
Bergen RS 140 Bjarne Kyrkjebø
Stord RS 120 Sundt
Sørlandet Stavanger RS 151 Sjømann
Mandal RS 157 Bill
Kristiansand RS 155 Bendt R. Rasmussen
Lillesand RS 165 Askeladden
Austlandet Kragerø RS 143 Uni Kragerø
Skjeberg RS 166 Horn Stayer
Tønsberg RS 156 Eivind Eckbo
Moss RS 159 Elias
Horten RS 135 Kaptein Egil J. Nygård
Oslo RS 139 Uni Oslofjord
RS 161 Einar Staff Sr
Mjøsa RS 148 Mjøsvekteren

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Årsrapport 2017» (PDF). Redningsselskapet. 
  2. «Fra seil til vannjet – redningsskøytenes historie» (PDF), velihavn.no, henta 22. mars 2019 
  3. 3,0 3,1 «Redningsskøytene», Redningsselskapet (på norsk bokmål), henta 21. mars 2019