Sjøsamar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ivar Samuelsen, ein sjøsame frå Finnmark fotografert i 1884 av prins Roland Bonaparte.
Sametingspolitikaren Geir Tommy Pedersen er sjøsame og fiskar.

Sjøsamar er ei gruppe samar som tradisjonelt har halde til ved kysten av Nord-Noreg. Dei livnærte seg gjennom fiske, fangst, sanking og jordbruk, særleg husdyrhald. Mange var også snikkarar og smedar, og nokre var båtbyggjarar.[1]

Område[endre | endre wikiteksten]

Ein reknar som regel sjøsamar som busette frå dei nordlegaste delane av Nordland og langs kysten til Varangerhalvøya er blitt rekna som sjøsamar. Dei fleste bur i Tysfjord eller langs fjordar i Troms og Finnmark.[2] Det finst også sjøsamar i skoltesamiske område like sør for Varangerfjorden,[3] og tidlegare på Kolahalvøya og på begge sider av Bottenvika. Nokre forskarar meiner også at ein tidlegare fann sjøsamar så langt sør som Trøndelag.[2] Sjøsamar tok del i hanshandelen i Bergen, både med handelsvarer og gjennom jektebygging.

Sjøsamar dreiv lenge med sesongflytting mellom fleire faste buplassar. Observasjonar tyder på at dei kunne ha opptil fire ulike buplassar før 1700-talet, to på 1700- og 1800-talet, før dei blei heilt fastbuande på 1900-talet.[4][5]

Fordi det var i sjøsamiske område at nordmenn sørfrå slo seg ned, blei sjøsamane raskare assimilerte og mista fleire av dei gamle tradisjonane sine enn innlandssamane.[2] Bruk av samisk forsvann gradvis frå sjøsamiske område, særleg etter andre verdskrigen.[5] Det var lenge knytt meir skam til å vera sjøsame enn til det å vera innlandssame, og identiteten blei ofte tagd om.[6] Denne «samiske skamma» skal ha endra seg i løpet av den siste generasjonen, og frå midten av 1990-åra er det blitt meir populært å rekna seg som sjøsame.[7]

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Sjøsamar har snakka fleire samiske språk, som lulesamisk og ulike dialektar av nordsamisk.[2][8] Svært mange har i dag norsk som morsmål.

Grene (rátnu) er eit ullteppe som sjøsamar har vove gjennom lange tider. Desse blei brukte som sengeklede, køyreteppe og i båt.[9] Dei blei også selde både sør i Bergen og nord, særleg i Skibotn og Bossekop. Flyttsamar kjøpte grener og brukte dei til teltduk og lavvodør.[2] Ein lagar framleis teppa i Manndalen i Kåfjord.[10]

Sjøsamisk Tun i Smørfjord på vestsida av Porsangerfjorden er ein rekonstruert buplass frå tidleg på 1900-talet. Holmenes sjøsamiske gård i Kåfjord er ein sjøsamisk gard frå 1700- og 1800-talet som høyrer til Nord-Troms Museum.

Riddu Riđđu-festivalen, skipa i 1991, har bidrege til å skapa blest om og positive haldningar til sjøsamisk kultur.[7][2] Sjøsamisk kompetansesenter i Porsanger blei skipa i 2002.

Kjende sjøsamar[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Elinor Carlsson, Sjösamisk kultur i Nordnorge 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 Harald Gaski (27.03.2009), «sjøsamer», Store Norske Leksikon ; Harald Gaski (14.09.2011), «lulesamer», Store Norske Leksikon 
  3. Phebe Fjellström (1985), Samernas samhälle i tradition och nutid: [Lappish society in tradition and the present day] (på svensk), Stockholm: Norstedt, ISBN 91-1-853222-5  (etter Svensk Wikipedia)
  4. Jon Egil Nilsen, Samiske boplasser, Sjøsamisk Tun 
  5. 5,0 5,1 «6 Sjøsamene i Finnmark – bosetning og kultur», Retten til fiske i havet utenfor Finnmark (Fiskeri- og kystdepartementet), NOU 2008: 5 
  6. ”Du skal ikke leite lenge før komagtuppan stikk fram”, Presentasjon av utstilling på RiddoDuottarMuseat – De Samiske Samlinger, Karasjok 
  7. 7,0 7,1 Joakim Thorkildsen; Skjalg Fjellheim (16.07.2004), Trendy å være sjøsame? 
  8. «5.2 Det nordsamiske språkområdet», Samisk lærerutdanning (Kunnskapsdepartementet), NOU 2000: 3 
  9. Manndalsgrene - Rátnu, Manndalen Husflidslag 
  10. Manndalen, Manndalen Ungdoms- og Idrettslag 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]