Sjøsetjing

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Stabelavgang i Viken ved Bergen Mekaniske Verksted i 1960-åra.

Sjøsetjing eller stabelavgang finn stad når eit skip etter det er bygd glir frå beddingen og ut i vatnet. Sjøsetjinga vert gjerne gjort i samband med ein festleg seremoni, sidan skipet ofte vert døypt i same høve.

Historisk vart skip bygd på ein stad, der det fann seg ein bedding. Denne var ofte i friluft, men kunne òg vere under tak i strandkanten. Kjølen vart lagt i ei renne som skrådde mot og ned i sjøen, og skroget vart bygt og utstyrt så langt det let seg gjere før det skulle ut i vannet. Renna vart då smurt med grønsåpe eller anna glatt materiale.

Dagen for stabelavgangen vart skroget utstyrt med flagg og liknande pynt, der kunne vere musikk og i det heile vart nabolaget feststemt før der kanskje vart halde ein tale eller to. Så kom tida for å kappe festet. Skroget var forsvarlig festa med lange trosser for at det ikke skulle reke for langt. Oftast gjekk det greit, og skroget kom seg vel ut og flaut som det skulle utan større lekkasjar. Ein sjeldan gang kunne det gå riktig ille, og overtunge skrog kunne kapseise. Seremonien kunne fortsette med dåp av det nye skipet.

I dag blir mange av dei største skipsskroga bygde i seksjonar som etterkvart blir samlet og sett saman på ein stad. Store skrog kan òg bli sjøsett med breisida til. Stabelavgangen blir dermed ein affære, som gjerne sløyfast, mens skipet blir døypt når det er driftsklart for reiaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]