Sjøstjerner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sjøstjerne)
Sjøstjerner
Systematikk
Rekkje: Pigghudingar Echinodermata
Klasse: Sjøstjerner Asteroidea
Ducrotay de Blainville, 1830
Korstroll i Herøy, ein vanleg type sjøstjerne.

Sjøstjerner (Asteroidea) er ei klasse av pigghudingar. Klassa utgjer ei talrik gruppe marine dyr som er godt utbreidde i alle verdshav.

Sjøstjernene har vanlegvis den typiske femtalige symmetrien som andre pigghudingar, og ein flattrykt kropp. Dei fleste artane har fem armar, som strekker seg ut frå ei skive midt på kroppen. Hjå nokre av dei mest velkjente artane, som korstroll, er skiva nokså liten, og armane er lange og kraftige. Andre artar har stor kroppsskive og relativt korte armar, slik som den nesten femkanta sjøkjeksen. Nokre artar har seks eller flerie armar, slik som solstjerner med 8 -12 armar. Det er karakteristisk for sjøstjernene at armane har ein brei tilslutnad til kroppsskiva, i motsetnad til dei tynne armane hjå slangestjerner.

Kroppen til sjøstjernene er dekt av epidermis på oversida. Overflata er ru på grunn av skjelettet rett innanfor. På oversida sit bevegelege og ubevegelege piggar av ulik form, og ofte små gripetenger (pedicellarier). Dei blir brukt til å rensa overflata, men også til å fanga små byttedyr. Skjelettet består av eit nettverk av kalkplater, meir eller mindre samanføydde og med mjuke parti innimellom. Munnen sit midt på undersida av kroppen og er omgjeven av ein krans av tettstilte plater. På undersida av kvar arm sit to rekker av plater, såkalla ambulakralplater. Dei avgrensar den nedsenka ambulakralfuren, som rekk heilt ut til spissen av armane.

Munnen fører inn til en rommeleg magesekk, som kan utvidast ved behov. Frå magesekken går det greiner av tarmsystemet ut i armane. Sjøstjernene har eit enkelt blodkarsystem som transporterer næringsstoff frå tarmen til andre delar av kroppen. Dei har også eit nervesystem, som er relativt komplisert bygd sjølv om det manglar ein hjerne. Det finst fleire sanseorgan som reagerer på berøring og rørsle, og små augeflekker som er kjenslevare for lys ytst på kvar av armane.

Levevis[endre | endre wikiteksten]

Mange sjøstjerner lever av muslingar, sniglar, svampar, sjøpiggsvin og døyande fisk. Dei kan suga seg fast i fisk som sit i garnet. Dersom byttet er for stort til å koma inn gjennom munnen, kan nokre sjøstjerner vrenga ut den nedre delen av magesekken gjennom munnopninga og dekke byttet med magesekken. Blautdelane blir fordøydd utvendig og resorbert. Det finst sjøstjerner som et andre sjøstjerner, og fleire lever av dødt organisk materiale (detritus). I tropane finst sjøstjerner som lever av korall, og til dels kan gjere stor skade på dei. Et eksempel er den såkalla tornekrona (Acanthaster planci) i Stillehavet.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Sjøstjerner finst i alle hav, og det er omtrent 1600 nolevande artar. I norske farvatn finst 47 artar. Mest vanleg langs norskekysten er det femarma korstrollet, som kan ha ein diameter på opptil 60 cm, og solstjerner med 8–12 armar. Piggsjøstjerne (Marthasterias glacialis) er ein markant art langs norskekysten med radar av kvite piggar på armane. Den såkalla putestjerna (Hippasteria phrygiana) har nesten femkanta kropp med korte armar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«sjøstjerner» av Lauritz S. Sømme i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sjøstjerner