Sjabu‘ót

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skildringa av sjabuotfeiring frå 1724.

Sjabu‘ót (frå hebraisk שָׁבוּעוֹת, [šābu‘ōt])), òg kalla vekefesten eller jødisk pinse, er ei jødisk høgtid som finn stad sju veker (49 dagar) etter pesah. På det religiøse planet er sjabu‘ót ei feiring av at jødane tok imot ToráenSinaifjellet — men sjabu‘ót er òg ein innhaustingsfest for mellom anna kveite.

Sjabu‘ót blir feira i éin dag i Israel, i samaritansk religion, i karaittisk jødedom, i reformjødedommen og ofte òg i rekonstruksjonistisk jødedom. I konservativ og ortodoks jødedom og annan tradisjonell jødedom utanom Israel feirar ein sjabu‘ót i to dagar.

Ruts bok blir tradisjonelt lesen under sjabu‘ót.

Kva dagar fell sjabu‘ót på?[endre | endre wikiteksten]

  • 2014: Solndegang 3. juni–solnedgang 5. juni
  • 2015: Solndegang 23. mai-solnedgang 25. mai
  • 2016: Solndegang 11. juni-solnedgang 13. juni

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sjabu‘ót