Sjakhty

Koordinatar: 47°42′0″N 40°14′0″E / 47.70000°N 40.23333°E / 47.70000; 40.23333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjakhty
Шахты
Utsyn mot Sjakhty
Utsyn mot Sjakhty
Utsyn mot Sjakhty
Byåpenet til Sjakhty
Byvåpenet til Sjakhty


Plassering
Sjakhty is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Rostov oblast
Grunnlagd
Bystatus
1867
1883
Borgarmeister Sergej Ponamarenko
Geografi
Flatevidd
 - By

158 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

245 900
  1 556,3 /km²
Koordinatar 47°42′0″N 40°14′0″E / 47.70000°N 40.23333°E / 47.70000; 40.23333
Høgd over havet 100 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 346500–346538
Retningsnummer (tlf) (+7)8636
Nettstad: www.shakhty-gorod.ru

Sjakhty (russisk Ша́хты) er ein by i Rostov oblast i Russland. Han ligg i den søraustlege delen av Donetskhøgdene, rundt 65 km nordaust for Rostov-na-Donu. I 2007 hadde han om lag 250 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagd 3. oktober 1867 som busetnaden Gornoje Grusjevskoje (russisk Горное Грушевское). Frå 1881 til 1921 heitte byen Aleksandrovsk-Grusjevskij (russisk Александровск-Грушевский).

I 1914 hadde byen fått 54 000 innbyggjarar. Hovudnæringa var utvinning av kol, som hadde vore drive i regionen sidan 1700-talet. Folkesetnaden var fattig, men byen hadde jernbane, telegraf og telefonnettverk, elektrisitet og vatn- og avløpssystem, i tillegg til bibliotek, sjukehus og eit postkontor. Dei fleste handelsmennene og industriherrane budde i Rostov og Novotsjerkassk.[1]

Under oktoberrevolusjonen i 1917 skifta byen hender tre gonger, til han vart «frigjort» 28. april 1919 av Don-armeen under General Fitzkhelaurov. I 20 månader var han sjølvstendig frå bolsjevikane, men vart herja av tyfus.

13. januar 1921 fekk byen det noverande namnet sitt. Namnet «Sjakhty» (dvs. 'gruvesjakt') vart valt på grunn av tilknytinga til kolgruvene. På 1920-talet vart mange kyrkjer og arkiv øydelagde og alle gatenamna vart endra.

I juli 1942, under den andre verdskrigen, vart byen okkupert av Nazi-Tyskland. Under tilbaketrekkinga til nazistane i februar 1943 vart mange kolgruver og bygningar øydelagde. I 1948 nådde kolproduksjonen dei same nivåa som før krigen. Under Brezjnev-åra var byen på høgda av utviklinga si, med ein folkesetnad på over 250 000 og ein kolproduksjon på 10 millionar tonn pr år.[2]

Perestrojka var øydeleggande for byen, sidan gruver vart privatiserte og stengde ned, med massiv arbeidsløyse og ein kraftig auke i kriminalitet og rusmisbruk.

Sjakhty er i dag det viktigaste industrielle senteret i det austlege Donbass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]