Sjakkbrikka dronning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjakk-
brikker
Chess king icon.png Konge
Chess queen icon.png Dronning
Chess rook icon.png Tårn
Chess bishop icon.png Løpar
Chess knight icon.png Springar
Chess pawn icon.png Bonde


Dronninga er den sterkaste brikka i brettspelet sjakk. Dronninga kan flyttast både som eit tårn og som ein løpar. Ho kan flyttast loddrett, vassrett eller diagonaltsjakkbrettet så mange felt ein måtte ynskja. Dronninga kan ikkje hoppa over andre brikker.

Dronninga kan flytta loddrett, vassrett eller diagonalt.

Den kvite dronninga startar på D1, den svarte på D8. Dronninga startar altså alltid på eit felt med same farge som brikka.

På grunn av den høge verdien til dronninga ventar ein ofte til midt i spelet før dronninga vert teke i bruk. I starten av spelet er dronninga sårbar. Om ei eller begge dronningane fell, er det ofte eit teikn på at spelet går mot slutten.

Dronninga kan koma i spel att om ein bonde når fram til siste felt på andre sida av brettet. Bonden kan då endrast til ei anna type brikke. Oftast vert det vald at bonden skal endrast til ei dronning.