Sjakkmatt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjakkmatt
Sjakkmatt

Sjakkmatt, ofte forkorta til matt er ein situasjon i sjakk der kongen til den eine spelaren er angripen, står i sjakk, og det ikkje er mogleg å parere trusselen mot kongen. Det er altså umogleg å hindre at kongen kan bli slått i neste trekk.

Viss kongen blir angripen så seier ein at kongen står i sjakk. Det er tre måtar å kome seg unna eit slikt angrep på.

  • Kongen kan flytte unna
  • Ein kan slå brikka som sjakkar
  • Ein kan sette ei brikke mellom brikka som sjakkar og kongen.

Viss kongen ikkje kan kome seg unna sjakken på nokon av desse måtane, så er kongen sjakk matt.

Dette avsluttar sjakkpartiet med ein gong. Kongen blir altså aldri slått; partiet er over så snart kongen er sett sjakkmatt. Å sette motstanderen sin konge sjakkmatt er det endelege målet i sjakk.

Det er likevel ikkje slik at alle sjakkparti endar med matt. Ofte gir ein av spelarane opp før han blir sett matt, fordi han finn stillinga håplaus. Og partiet kan også bli remis (uavgjort).

To eksempel på sjakkmatt tidleg i opningsspelet er idiotmatten og skulematten.

Ordet sjakkmatt kjem frå persisk Shah Mat, som ordrett betyr Kongen er fanga (eller hjelpelaus, overvunnen) frå bakhald. Det betyr ikkje ordrett kongen er død, noko som er ei vanleg mistyding.

Det kan vere grunn til å vere merksam på at viss kongen ikkje står i sjakk, men spelaren som er i trekket ikkje kan gjere noko lovleg trekk - altså at han ikkje kan gjere noko trekk som ikkje set kongen i slag - så har det oppstått ei pattstilling, og partiet er då med ein gong remis.

Eksempel[endre | endre wikiteksten]

a8 b8 c8 d8 e8 f8 g8 h8
a7 b7 c7 d7 e7 f7 g7 h7
a6 b6 c6 d6 e6 f6 g6 h6
a5 b5 c5 d5 e5 f5 g5 h5
a4 b4 c4 d4 e4 f4 g4 h4
a3 b3 c3 d3 e3 f3 g3 h3
a2 b2 c2 d2 e2 f2 g2 h2
a1 b1 c1 d1 e1 f1 g1 h1
Svart konge har blitt sjakka av kvit sin springar. Svart sin konge kan ikkje flytte unna, og det er ikkje mogleg å slå den kvite springaren. Svart er sjakkmatt.

Dette er eit eksempel på ein kvelematt - den svarte kongen blir kvelt av sine eigne brikker, som hindrar kongen i å kome seg unna sjakken.

a8 b8 c8 d8 e8 f8 g8 h8
a7 b7 c7 d7 e7 f7 g7 h7
a6 b6 c6 d6 e6 f6 g6 h6
a5 b5 c5 d5 e5 f5 g5 h5
a4 b4 c4 d4 e4 f4 g4 h4
a3 b3 c3 d3 e3 f3 g3 h3
a2 b2 c2 d2 e2 f2 g2 h2
a1 b1 c1 d1 e1 f1 g1 h1
Svart sin konge står i sjakk, og kan ikkje flytte unna, det kvite tårnet som sjakkar kan ikkje slåast, og her er inga svart brikke som kan gå mellom. Svart er sjakkmatt.
a8 b8 c8 d8 e8 f8 g8 h8
a7 b7 c7 d7 e7 f7 g7 h7
a6 b6 c6 d6 e6 f6 g6 h6
a5 b5 c5 d5 e5 f5 g5 h5
a4 b4 c4 d4 e4 f4 g4 h4
a3 b3 c3 d3 e3 f3 g3 h3
a2 b2 c2 d2 e2 f2 g2 h2
a1 b1 c1 d1 e1 f1 g1 h1
Nesten same stilling som i førre eksempel, men her har svart ein løpar på b5. Svart står i sjakk, men kan kome seg unna sjakkmatten ved å flytte løparen til e8, der løparen blokkerer sjakken frå det kvite tårnet. Diagramstillinga er altså ikkje sjakkmatt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Sjå også[endre | endre wikiteksten]