Sjakknotasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sjakknotasjon er system for å skrive ned gangen i eit sjakkparti for seinare gjennomgang og analyse. Det finst fleire system, mellom anna var eit system med beskrivande notasjon i bruk i engelsktalande land til etter 1980. No er algebraisk notasjon obligatorisk i sjakkturneringar. Dette framgår av Verdssjakkforbundet FIDE sine reglar for sjakk, tillegg E, som finst på Norges Sjakkforbund si heimeside:

Felta på sjakkbrettet[endre | endre wikiteksten]

Det algebraiske systemet baserer seg på at kvar rute på sjakkbrettet har ein eintydig kombinasjon av bokstav og tal:

a8 b8 c8 d8 e8 f8 g8 h8
a7 b7 c7 d7 e7 f7 g7 h7
a6 b6 c6 d6 e6 f6 g6 h6
a5 b5 c5 d5 e5 f5 g5 h5
a4 b4 c4 d4 e4 f4 g4 h4
a3 b3 c3 d3 e3 f3 g3 h3
a2 b2 c2 d2 e2 f2 g2 h2
a1 b1 c1 d1 e1 f1 g1 h1
Utgangsstilling. Legg merke til at kvit dronning står på kvitt felt, og svart dronning på svart.
  • Dei åtte linene (frå venstre mot høgre for kvit og frå høgre mot venstre for svart) blir kalla med små bokstavar linene a, b, c, d, e, f, g og h.
  • Dei åtte radene (nedanfrå og oppover for kvit og ovanfrå og nedover for svart) er nummerert 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7 og 8.
  • I utgangsstillinga er dermed dei kvite offiserane og bøndene oppstilt på første og andre rad; dei svarte offiserane og bøndene på åttande og sjuande rad.

Som ein konsekvens av dette, får kvart av dei sekstifire felta sin unike kombinasjon av bokstav og tal, f eks a1.

Sjakkbrikkene[endre | endre wikiteksten]

  • Med «offiser» meiner ein ei anna brikke enn ein bonde.
  • Kvar offiser blir nemnt med den første bokstaven i namnet sitt, og det skal brukast stor bokstav.
  • Som første bokstav i namnet på offiseren, står kvar spelar fritt til å bruke den første bokstaven i namnet som er vanleg å bruke i sitt land.
  • Eksempel, for norske spelarar: K = konge, D = dronning, T = tårn, L = løpar, S = springar.
  • I trykt materiale blir det anbefalt å bruke figursymbol for offiserane.
  • Eksempel på korleis dette blir på engelsk: K = king, Q = queen, R = rook, B = bishop, N = knight. (Det blir på engelsk brukt N for "knight" for ikkje å forveksle med K for "king".)

For bøndene brukar ein ikkje den første bokstaven i namnet. Bondetrekk kjenner ein igjen ved at det manglar slik bokstav. Eksempel: e5, d4, a5.

Korleis ein skriv trekka[endre | endre wikiteksten]

Offiserstrekk blir skrive med (a) den første bokstaven i namnet til offiseren og (b) feltet som offiseren blir flytta til. Det skal ikkje vere bindestrek mellom (a) og (b). Ein skriv i utgangspunktet heller ikkje kva felt brikka kjem frå. Eksempel: Le5, Sf3, Td1. For bøndene skriv ein berre det feltet dei blir flytta til. Eksempel: e5, d4, a5.

Når ein offiser slår, set vi inn ein x mellom (a) den bokstaven som angir offiseren som blir flytta og (b) det feltet den blir flytta til. Eksempel: Lxe5, Sxf3, Txd1.

Når ein bonde slår, skriv ein den lina bonden stod på før slaget blei utført, så eit x, og så det feltet den blir flytta til: Eksempel: dxe5, gxf3, axb5. Ved en passant-slag skal ankomstfeltet definerast som det feltet der bonden blir ståande etter at trekket er utført, og "e.p." skal føyast til. Eksempel: exd6 e.p.

Viss to offiserar av same slag kan flyttast til det same feltet, skal trekket noterast på følgjande måte:

  • Viss begge offiserane er på same rad: ved (a) den første bokstaven i offiseren sitt namn, (b) lina offiseren blir flytta frå, og (c) feltet den blir flytta til.
  • Viss begge offiserane er på same line: ved (a) den første bokstaven i offiseren sitt namn, (b) rada offiseren blir flytta frå, og (c) feltet den blir flytta til.
  • Viss offiserane er både på ulik line og rad, anbefaler ein å bruke den første måten. Viss det dreier seg om eit slag, set ein x mellom (b) og (c).

Eksempel:

  • Det er to springarar, på felta g1 og e1, og ein av dei blir flytta til feltet f3: rett notasjon er høvesvis Sgf3 eller Sef3.
  • Det er to springarar, på felta g5 og g1, og ein av dei blir flytta til feltet f3: rett notasjon er høvesvis S5f3 eller S1f3.
  • Det er to springarar, på felta h2 og d4, og ein av dei blir flytta til feltet f3: rett notasjon er høvesvis Shf3 eller Sdf3.
  • Dersom ei brikke blir slått på feltet f3, set ein inn eit x i dei eksempla vi har nemnt: (1) høvesvis Sgxf3 eller Sexf3, (2) høvesvis S5xf3 eller S1xf3, (3) høvesvis Shxf3 eller Sdxf3.

Viss motstandaren si brikke kan bli slått av to ulike bønder, skal den bonden som blir flytta skrivast med (a) den lina bonden forlet, (b) ein x, (c) ankomstfeltet. Eksempel: Viss det er kvite bønder på felta c4 og e4 og ei svart brikke på d5, skal kvit sitt trekk noterast som høvesvis cxd5 eller exd5.

Ved bondeforvandling skal bondetrekket noterast, umiddelbart følgt av den første bokstaven for den nye offiseren. Eksempel: d8D, f8S, b1L, g1T.

Remis-tilbod skal noterast med symbolet (=).

Viktige forkortingar

  • 0-0 = rokade med tårn på h1 eller h8 (kort rokade)
  • 0-0-0 = rokade med tårn på a1 eller a8 (lang rokade)
  • x = slår
  • + = sjakk
  • ++ eller # = matt
  • e.p. = slår "en passant"

Eksempel på eit kort sjakkparti: 1. e4 e5 2. Sf3 Sf6 3. d4 exd4 4. e5 Se4 5. Dxd4 d5 6. exd6 e.p. Sxd6 7. Lg5 Sc6 8. De3+ Le7 9. Sbd2 0-0 10. 0-0-0 Te8 11. Kb1(=)

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

FIDEs regler for sjakk, omsett til norsk Arkivert 2008-10-17 ved Wayback Machine.