Sjakkolympiade

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjakk-OL i Bled 2002

Sjakkolympiade, også kalla sjakk-OL, er lag-VM i sjakk for nasjonslag. Verdssjakkforbundet FIDE har arrangert denne sjakkturneringa sidan 1927, stort sett anna kvart år. Før andre verdskrigen vart turneringa til dels halde årleg.

I åra 1957, 1963, 1966, 1969 og 1974 vart det arrangert eigne sjakk-OL for kvinner. Sjakk-OL i 1972, og alle sjakk-OL sidan 1976 har hatt ei eiga kvinneklasse. Sjakk-OL har ikkje ei klasse for menn og ei for kvinner, men ei opa klasse, der kvinner kan delta på laga saman med dei mannlege spelarane, og ei kvinneklasse. Til dømes Judit Polgar har såleis deltatt på Ungarn sitt landslag saman med dei beste mannlege ungarske spelarane i opa klasse.

I opa klasse har det blitt spela over 4 bord, med to reservar. I kvinneklassa har det blitt spela over 3 bord, med ein reserve. Frå sjakk-OL i 2008 skal det spelast over 4 bord i begge klasser, med ein reserve.

Her har også blitt arrangert to uoffisielle sjakk-olympiadar, i 1936 og 1976, som ikkje var anerkjende av verdssjakkforbundet FIDE. Den første av desse var nazi-Tyskland sitt "sjakk-OL" i München i 1936. I 1976 vart det offisielle sjakk-OL arrangert i Haifa i Israel. At Israel fekk denne turneringa var politisk omstridd, og ein del land boikotta sjakk-OL i Haifa, og andre land deltok i eit mot-OL arrangert i Tripolis.

Verdssjakkforbundet FIDE har no ein del år vore medlem av Den internasjonale olympiske komiteen (IOC), men sjakk er ikkje med som olympisk sport. Det er såleis noko misvisande at lag-VM i sjakk, som sjakk-olympiaden i realiteten er, har fått dette namnet.

Sjakk-OL i 2008 vart arrangert i Dresden, Tyskland, og sjakk-OL i 2010 i Khanty-Mansijsk, Russland. Sjakk-OL i 2014 skal vere i Tromsø.

Det vinnande laget i kvinneklassa får Vera Menchik-pokalen.

Bobby Fischer sitt noteringsskjema frå partiet hans mot Miguel Najdorf i 3. runde i sjakk-OL i Siegen i 1970
Symbolet til det 6. sjakk-OL i Warszawa 1935 ved J.Steifer


Opa klassa[endre | endre wikiteksten]

År Turnering Stad Gull Sølv Bronse
1924 Sjakk-OL (individuell) Paris Tsjekkoslovakia Ungarn Sveits
1926 Lag-turneringa (del av FIDE-møte) Budapest Ungarn Jugoslavia Romania
1927 1. sjakk-OL London Ungarn 40 Danmark 38.5 England 36.5
1928 2. sjakk-OL Haag Ungarn 44 USA 39.5 Polen 37
1930 3. sjakk-OL Hamburg Polen 48.5 Ungarn 47 Tyskland 44.5
1931 4. sjakk-OL Praha USA 48 Polen 47 Tsjekkoslovakia 46.5
1933 5. sjakk-OL Folkestone USA 39 Tsjekkoslovakia 37.5 Sverige 34
1935 6. sjakk-OL Warszawa USA 54 Sverige 52.5 Polen 52
1936 Uoffisielt sjakk-OL München Ungarn Polen Tyskland
1937 7. sjakk-OL Stockholm USA 54.5 Ungarn 48.5 Polen 47
1939 8. sjakk-OL Buenos Aires Tyskland 36 Polen 35.5 Estland 33.5
1950 9. sjakk-OL Dubrovnik Jugoslavia 45.5 Argentina 43.5 Vest-Tyskland 40.5
1952 10. sjakk-OL Helsinki Sovjet-Unionen 21 Argentina 19.5 Jugoslavia 19
1954 11. sjakk-OL Amsterdam Sovjet-Unionen 34 Argentina 27 Jugoslavia 26.5
1956 12. sjakk-OL Moskva Sovjet-Unionen 31 Jugoslavia 26.5 Ungarn 26.5
1958 13. sjakk-OL München Sovjet-Unionen 34.5 Jugoslavia 29 Argentina 25.5
1960 14. sjakk-OL Leipzig Sovjet-Unionen 34 USA 29 Jugoslavia 27
1962 15. sjakk-OL Varna Sovjet-Unionen 31.5 Jugoslavia 28 Argentina 26
1964 16. sjakk-OL Tel Aviv Sovjet-Unionen 36.5 Jugoslavia 32 Vest-Tyskland 30.5
1966 17. sjakk-OL Havana Sovjet-Unionen 39.5 USA 34.5 Ungarn 33.5
1968 18. sjakk-OL Lugano Sovjet-Unionen 39.5 Jugoslavia 31 Bulgaria 30
1970 19. sjakk-OL Siegen Sovjet-Unionen 27.5 Ungarn 26.5 Jugoslavia 26
1972 20. sjakk-OL Skopje Sovjet-Unionen 42 Ungarn 40.5 Jugoslavia 38
1974 21. sjakk-OL Nice Sovjet-Unionen 46 Jugoslavia 37.5 USA 36.5
1976 22. sjakk-OL * Haifa USA 37 Nederland 36.5 England 35.5
1976 Mot-Israel-sjakk-OL Tripoli El Salvador Tunis Pakistan
1978 23. sjakk-OL Buenos Aires Ungarn 37 Sovjet-Unionen 36 USA 35
1980 24. sjakk-OL Valletta Sovjet-Unionen 39 Ungarn 39 USA 35
1982 25. sjakk-OL Lucerne Sovjet-Unionen 42.5 Tsjekkoslovakia 36 USA 35
1984 26. sjakk-OL Thessaloníki Sovjet-Unionen 41 England 37 USA 35
1986 27. sjakk-OL Dubai Sovjet-Unionen 40 England 39 USA 38
1988 28. sjakk-OL Thessaloníki Sovjet-Unionen 40.5 England 34.5 Nederland 34.5
1990 29. sjakk-OL Novi Sad Sovjet-Unionen 39 USA 35.5 England 35.5
1992 30. sjakk-OL Manila Russland 39 Uzbekistan 35 Armenia 34.5
1994 31. sjakk-OL Moskva Russland 37.5 Bosnia/Herzogovina 35 Russland II 34.5
1996 32. sjakk-OL Jerevan Russland 38.5 Ukraina 35 USA 34
1998 33. sjakk-OL Elista Russland 35.5 USA 34.5 Ukraina 32.5
2000 34. sjakk-OL Istanbul Russland 38 Tyskland 37 Ukraina 35.5
2002 35. sjakk-OL Bled Russland 38.5 Ungarn 37.5 Armenia 35
2004 36. sjakk-OL Calviá Ukraina 39.5 Russland 36.5 Armenia 36.5
2006 37. sjakk-OL Torino Armenia 36 Kina 34 USA 33

* I 1976 deltok ikkje Sovjet-Unionen og andre kommunist-land av politiske grunnar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]