Sjakkopning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Denne artikkelen brukar algebraisk sjakknotasjon for å beskrive sjakktrekk.
Staunton chess set.jpg

I sjakk er opninga den første fasen av partiet der begge spelarane er opptekne av å få utvikla brikkane og gjere eit visst krav om viktige felt. Det finst inga klår skiljelinje for når opninga går over i midtspelet. I dei fleste partia er opninga raskt over fordi begge spelarane kan trekka utanboks.

Det finst mange forskjellige opningar. Nokre av dei legg vekt på aggressivitet, andre på å halde på ei sunn og solid stilling. Opninga er den fasen av sjakkpartiet det finst mest litteratur om.

Mål[endre | endre wikiteksten]

8 Chess rdl44.png Chess ndd44.png Chess bdl44.png Chess qdd44.png Chess kdl44.png Chess bdd44.png Chess ndl44.png Chess rdd44.png
7 Chess pdd44.png Chess pdl44.png Chess pdd44.png Chess pdl44.png Chess pdd44.png Chess pdl44.png Chess pdd44.png Chess pdl44.png
6 Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png
5 Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png
4 Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png
3 Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png
2 Chess pll44.png Chess pld44.png Chess pll44.png Chess pld44.png Chess pll44.png Chess pld44.png Chess pll44.png Chess pld44.png
1 Chess rld44.png Chess nll44.png Chess bld44.png Chess qll44.png Chess kld44.png Chess bll44.png Chess nld44.png Chess rll44.png
a b c d e f g h

Alle bøndene i utgangsposisjonen bidreg i liten grad til å oppnå kontroll over sentrum. Den som speler med kvit har det første trekket og har difor eit lite initiativ i byrjinga av partiet. Kvit vil satse på å få eit lite overtak med opninga, medan svart som regel vil freiste å nøytralisere kvit sitt initiativ og utlikne. Dersom kvit spelar rett, kan som oftast ikkje svart rekne med ein fordel frå opninga.

Dette er måla spelarane ynskjer å nå:

  1. Utvikling: I utgangstillinga gjer ikkje brikkane til nokon av partane veldig mykje nyttig. Alle offiserane står på første rad, og med unntak av springarane kan ingen røre på seg. Begge spelarane vil difor satse på å få brikkane til felt der dei gjer nytte for seg, slik som å angripe motstandaren eller forsvare sentrum. Springarane går oftast til c3 og f3 for kvit, og c6 og f6 for svart, sjølv om utvikling til andre felt også hender. Løparane har litt større valfridom og det er vanleg å vente litt med å ta i bruk desse brikkane. Dronninga blir gjerne teken i bruk seinare. Dronninga er ein verdfull brikke, og verdien gjer dronninga utsett for angrep frå svakare brikkar om ho blir utvikla for tidleg. Som regel vil rokade utvikle eitt av tårna. Tårna passar gjerne bra på opne linjer eller som ryggdekning for bønder som skal rykke fram. Kongen blir derimot sjeldan utvikla før sluttspelet (sjå kongesikring).
  2. Materiell: Materiell er verdien på brikkane og er ein av de mest viktige fordelane ein kan ha i sjakk. Dei fleste spelarane er svært forsiktige med å hamne bakpå i materiell. Mister ein dette er det vanskeleg å få det tilbake, og eit materielt undertal kan vere katastrofalt i eit sluttspel. Det finst opningar der materiell vert ofra for å oppnå andre fordelar (utviklingsforsprang, aktive brikkar, initiativ m.fl.), såkalla gambitar, men i dei fleste av desse opningane blir ikkje meir enn éin bonde ofra.
  3. Sentrum: Sentrumsfelta er d4, e4, d5 og e5. I opningsfasen kan det vere vanskeleg å forutsjå kva for felt som vil bli dei viktigaste i partiet, men dersom ein får herredømme over desse felta har ein fordelen av å utøve mykje press på heile brettet, og eit herredømme over sentrum er difor ein svært stor fordel. I fleire opningar vil begge spelarane straks freiste å oppnå sentrumsherredømme. I andre opningar (dei såkalla hypermoderne opningane) vil den eine spelaren la den andre ta sentrum, for så å angripe dette.
  4. Kongesikring: Medan spelarane kjempar om sentrum vil det ofte opne seg linjer der, og kongen, som er målet i spelet, står noko utsett til på sentrumslinjene. I dei fleste opningar evakuerer begge spelarane kongen til fløyene ved rokade. I opningar der sentrum blir låst fast, eller der dronningane raskt vert bytte ut, er kongane tryggare og rokade blir anten utsett eller droppa heilt.
  5. Bondestruktur: I løpet av partiet blir bønder skyvne fram og nokon blir slått, og dette kan gjere at dei bøndene som står att blir svake. Spesielt isolerte bønder, dobbeltbønder, og etterhengjande bønder kan vere svake — blir dei angripne kan dei vere vanskelege å forsvare. Spesielt i sluttspel kan slike bondesvekkingar vere problematiske. I opninga har dei mindre betydning, men ei bondesvekking kan vere vanskeleg å bli kvitt. Difor vil begge spelarane prøve å unngå unødige svekkingar av bondestillinga.

Opningstrekk[endre | endre wikiteksten]

1.e4[endre | endre wikiteksten]

8 Chess rdl44.png Chess ndd44.png Chess bdl44.png Chess qdd44.png Chess kdl44.png Chess bdd44.png Chess ndl44.png Chess rdd44.png
7 Chess pdd44.png Chess pdl44.png Chess pdd44.png Chess pdl44.png Chess pdd44.png Chess pdl44.png Chess pdd44.png Chess pdl44.png
6 Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png
5 Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png
4 Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess pll44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png
3 Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png
2 Chess pll44.png Chess pld44.png Chess pll44.png Chess pld44.png Chess l44.png Chess pld44.png Chess pll44.png Chess pld44.png
1 Chess rld44.png Chess nll44.png Chess bld44.png Chess qll44.png Chess kld44.png Chess bll44.png Chess nld44.png Chess rll44.png
a b c d e f g h
Staunton chess set.jpg

Dette er det mest vanlege opningstrekket i sjakk og vert spelt i litt under halvparten av alle parti. Trekket gjer krav på sentrum og set fri kvit sin kvitfeltsløpar. Dersom kvit ønskjer det kan han gjennomføra ein bondeframstøyt til d4 ganske kjapt etterpå fordi d-bonden er skydd av dronninga. På minussida svekker trekket felta d4 og f4, og bonden på e4 er for no ubeskytta. Den amerikanske verdsmeisteren Bobby Fischer hadde 1.e4 som sin favoritt, medan den ungarske Gyula Breyer meinte noko spøkefullt at «etter 1.e4 er kvits stilling i sine siste krampetrekningar». Det skal seiast at Breyer ofte besvarte 1.e4 med 1...e5 og at han sjølv spelte 1.e4 nokre gonger.

Av opningar med 1.e4 er

1.d4[endre | endre wikiteksten]

8 Chess rdl44.png Chess ndd44.png Chess bdl44.png Chess qdd44.png Chess kdl44.png Chess bdd44.png Chess ndl44.png Chess rdd44.png
7 Chess pdd44.png Chess pdl44.png Chess pdd44.png Chess pdl44.png Chess pdd44.png Chess pdl44.png Chess pdd44.png Chess pdl44.png
6 Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png
5 Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png
4 Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess pld44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png
3 Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png
2 Chess pll44.png Chess pld44.png Chess pll44.png Chess d44.png Chess pll44.png Chess pld44.png Chess pll44.png Chess pld44.png
1 Chess rld44.png Chess nll44.png Chess bld44.png Chess qll44.png Chess kld44.png Chess bll44.png Chess nld44.png Chess rll44.png
a b c d e f g h

Det nest mest vanlege opningstrekket er 1.d4 som òg gjer krav på sentrumsherredømme og slepper svartfeltsløparen fri. Det at bonden på d4 er forsvart av dronninga gjer at opningar med 1.d4 er svært forskjellige frå dei med 1.e4. Medan parti med 1.e4 har ein tendens til å bli opne, plar 1.d4 å føre til meir lukka stillingstypar. Svart kan etter 1.d4 aktivt hindre kvit frå å spele 2.e4 ved anten å spele 1...d5, 1...Sf6 eller 1...f5. Andre trekk tillet 2.e4 som kan føre partiet over i opningar som til vanleg innleiast med 1.e4. Til dømes fører 1.d4 e6 2.e4 over til fransk opning. Mykje av spelets karakter vert no bestemt av om svart befester ein bonde i sentrum med ein tidleg bondeframstøyt d7-d5 (som oftast fører til diverse variantar av dronninggambit), eller utsetter dette (som oftest fører til ein av de indiske opningane). Alternativet med 1...f5 (Hollandsk opning) er ei meir risikabel fortsetjing.

Andre trekk[endre | endre wikiteksten]

8 Chess rdl44.png Chess ndd44.png Chess bdl44.png Chess qdd44.png Chess kdl44.png Chess bdd44.png Chess ndl44.png Chess rdd44.png
7 Chess pdd44.png Chess pdl44.png Chess pdd44.png Chess pdl44.png Chess pdd44.png Chess pdl44.png Chess pdd44.png Chess pdl44.png
6 Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png
5 Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png
4 Chess l44.png Chess d44.png Chess pll44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png
3 Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png
2 Chess pll44.png Chess pld44.png Chess l44.png Chess pld44.png Chess pll44.png Chess pld44.png Chess pll44.png Chess pld44.png
1 Chess rld44.png Chess nll44.png Chess bld44.png Chess qll44.png Chess kld44.png Chess bll44.png Chess nld44.png Chess rll44.png
a b c d e f g h
8 Chess rdl44.png Chess ndd44.png Chess bdl44.png Chess qdd44.png Chess kdl44.png Chess bdd44.png Chess ndl44.png Chess rdd44.png
7 Chess pdd44.png Chess pdl44.png Chess pdd44.png Chess pdl44.png Chess pdd44.png Chess pdl44.png Chess pdd44.png Chess pdl44.png
6 Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png
5 Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png
4 Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png
3 Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess l44.png Chess d44.png Chess nll44.png Chess d44.png Chess l44.png
2 Chess pll44.png Chess pld44.png Chess pll44.png Chess pld44.png Chess pll44.png Chess pld44.png Chess pll44.png Chess pld44.png
1 Chess rld44.png Chess nll44.png Chess bld44.png Chess qll44.png Chess kld44.png Chess bll44.png Chess d44.png Chess rll44.png
a b c d e f g h
  • 1.Sf3 utviklar springaren til eit godt felt utan at kvit har bestemt seg for korleis sentrumsbøndene skal plasserast. Normalt vil 1.Sf3 føre til opningar som gjerne startar med 1.c4 eller 1.d4, men det finst eit par opningar som oftast startar med 1.Sf3.
  • 1.c4 er også eit vanleg trekk. Sjølv om c-bonden ikkje er ein sentrumsbonde er han nær nok sentrum til at bonden på c4 utøver eit visst press på sentrumsfelta. Om lag halvparten av partia som opner med 1.c4 går over til andre opningar som til vanleg startar med 1.d4. Dersom ikkje dette skjer vert 1.c4 kalla engelsk opning.

Andre trekk vert av og til spelt

  • 1.g3, Benkös opning som førebur løparutvikling til g2.
  • 1.f4, Birds opning som angriper sentrum slik 1.c4 gjer, men dette trekket er meir sjeldsynt fordi det fører til ei viss svekking av kongestillinga.
  • 1.Sc3, Sleipneropninga som tek ein springar til eit godt felt slik som 1.Sf3, men sjeldnare fordi c-bonden blir blokkert.
  • 1.b3, Larsens opning som førebur løparutvikling til b2. Denne er meir sjeldsynt enn 1.g3 fordi 1.g3 førebur kort rokade, noko 1.b3 ikkje gjer.
  • 1.b4, Orangutangopninga som til liks med 1.b3 førebur løparutvikling til b2. Trekket gjer eit litt større krav på plass på dronningfløyen enn 1.b3, men det er også ei svekking.

Andre trekk er rekna som så passive at dei svært sjeldan blir spelte. Dei verste trekka som finst er truleg 1.Sa3 som heilt unødig set ein springar på kanten av brettet og 1.f3 som svekker kongestillinga, frårøver ein springar sin beste plassering på f3, og gjer absolutt ingenting for utvikling.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]