Sjakkspelaren Erik Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Erik Andersen
Statsborgarskap Danmark
Fødd 10. april 1904
Gentofte kommune
Død

27. februar 1938 (33 år)
København

Idrett sjakk
Tok del i

Sjakk-OL 1927, Sjakk-OL 1928, Sjakk-OL 1930, Sjakk-OL 1931, Sjakk-OL 1933, Sjakk-OL 1935

Erik Andersen (10. april 190427. februar 1938) var ein dansk sjakkmeister fødd i Gentofte.

Andersen vann den danske meisterskapen i sjakk tolv gonger (1923, 1925, 1926, 1927, 1929, 1930, 1931, 1932, 1933, 1934, 1935 og 1936).[1] Han blei nordisk meister i sjakk i Stockholm i 1930, forsvarte tittelen med 3 : 3 mot Gideon Ståhlberg i 1934, og tapte den med 2,5 : 3,5 mot Erik Lundin i 1937.[2]

Han gjorde det også svært godt i internasjonale sjakkturneringar i den same tida. Andersen spelte 6 gongar for Danmark i offisielle sjakkolympiadar[3] og i den uoffisielle sjakkolympiaden i München i 1936.[4] Han døydde i København i 1938.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «DM til 1950». Dansk Skak Union. Arkivert frå originalen 23. september 2014. Henta 31. mars 2013. 
  2. «Nordisk Mesterskabsmatch 1937». danbase.skak.dk. juli 1998. Henta 25. februar 2018. 
  3. «Andersen, Erik, MEN'S CHESS OLYMPIADS». OlimpBase :: the encyclopaedia of team chess. 
  4. «Andersen, Erik, UNOFFICIAL CHESS OLYMPIADS». OlimpBase :: the encyclopaedia of team chess. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]