Sjangermåleri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cornelis de Jonker (1761–1830) De keuken van het Oude Vrouwenhuis te Gorinchem ('Kjøkkenet på heimen for gamle kvinner i Gorinchem').
August Müller (1836-1885), Die Medizin ('Medisinen').

Sjangermåleri[1], òg kalla sjangerbilete, sjangerscene eller sjangerkunst (fransk peinture de genre om sjangermåleri, eller scène de genre reint generelt), er ei kunsthistorisk nemning på ein kategori av målarstykke eller teikningar som er kjenneteikna av at motivet er henta frå vanlege folks liv i kvardag og fest. Omgrepet sjangerbilete vert soleis ikkje nytta generelt om ulike typar bilete som kan plasserast innanfor ulike sjangrar etter ulike karakteristikkar, men berre om den typen bilete som har ei folkelivsskildring som motiv. I kunstsoga står sjangermåleriet opphavleg som ein motsetnad til historiemåleriet, som har storhendingar i eit lands offisielle soge som motiv, og vart til å byrje med sett på som ein mindreverdig sjanger i høve til historiemåleriet.

Som omgrep med vår tids meiningsinnhald vart sjangerbiletet definert av franskmannen Denis Diderot, og høyrer i det store og heile til på 1800-talet. Men sjølv om omgrepet er etter måten nytt, er folkelivsskildringar i biletkunsten ikkje avgrensa tidsmessig til nyare tid, for det finst fleire døme på slike skildringar allereie i egyptiske veggmåleri og gresk vasemåling frå gamal tid, veggmåleri i ruinbyen Pompeii og så bortetter. I Italia oppstår det tidleg ein type sjangermåleri i historiemåleriets stil og ofte med ein meir eller mindre openberr kristen bodskap, som til dømes i Giotto di Bondones, Giorgiones og Michelangelo di Caravaggios måleri. Sekstenhundretalets nederlandske folkelivsskildringar i den målariske tradisjonen etter til dømes Jan van Eyck og seinare målarar, som gjev detaljerte framstillingar i ofte små format av kvardagens mange ulike gjeremål, er òg å rekne som sjangermåleri.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Ofte vert fyrste lekken i ordet sjangermåleri skrive på fransk måte som genre (som på norsk vert uttala 'sjanger'), altså: genremåleri.