Sjekel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sølvsjekel utmynta I Jerusalem år 68 e.Kr.

Sjekel, ofte skrive sekel, er ei gammal mynt- og masseeining, tilsvarande 1/50-dels (nokre stader 1/60-dels) mine, eller 7 - 14 g.

Eininga er bruka i Det gamle testamentet som mål for gull,[1] sølv[2] og krydder[3] og tilsvarar om lag 11,4 gram. Det finst likevel ulike utrekningar for dei bibelske måla, og verdiane kan ikkje fastsetjast heilt nøyaktig.[4]

Mynten som i Det nye testamentet er kalla ein «sølvpenge»,[5] er truleg ein sjekel som svarar til ein gresk stater, lik 4,3 g sølv.[6]

Referansar[endre | endre wikiteksten]