Sjernarøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sjernarøy er eit sokn nord i Finnøy kommune i Ryfylke, som femnar om Sjernarøyane og vestre og nordre delen av Ombo. Soknet har 549 innbyggjarar (2013); 374 på Sjernarøyane og 175 på Ombo.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Sjernarøy sokn var frå byrjinga ein del av Nedstrand kommune. I 1868 vart det skilt ut som ein eigen kommune med 922 innbyggjarar. I 1965 vart kommunen, då med 819 innbyggjarar, nedlagd og innlemma i Finnøy kommune. Same år vart Sjernarøy sokn utvida med Kaltveit krins, som tidlegare hadde sokna til Jelsa. Frå 1997 høyrer soknet til Tungenes prosti.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Arkivverket

SSB