Sjeviot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjeviotsøye med nyfødde trillingar.

Sjeviot er ein sauerase som vart importert til Noreg frå Skottland mot slutten av 1800-talet. Han har vore viktig for utviklinga av dala-, rygja- og steigarsauen.

Dette er ein velbygd sau med gode slakteeigenskapar. Han er middels stor; vêren blir rundt 80 kg, medan ei søye typisk veg 40 kg. Ein bruker både kjøt og ull frå sauen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet sjeviot kjem frå ei gruppe åsar i grensetraktene mellom England og Skottland, Cheviot Hills. Rasen er fortsatt vanleg i dette området, men har spreidd seg til resten av Storbritannia såvel som resten av verda.

Historiske referansar til ein sauetype som kan vera sjeviot kjem frå så langt tilbake som 1300-talet, men i løpet av åra er rasen blitt forbetra og kryssa med andre typar, slik at dagens sjeviot er ganske ulik den som fanst då.

Sauen blei spreidd på 1800-talet ettersom ein meinte ulla hans passa særleg godt til å laga det sterke tweed-tøyet.