Sjirvansjahpalasset

Koordinatar: 40°21′58″N 49°50′00″E / 40.366149°N 49.833443°E / 40.366149; 49.833443
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gamlebyen i Baku med Sjirvansjahpalasset og Jomfrutårnet
verneområde
Utsida av Sjirvansjahpalasset.
Foto: Frode H. Korneliussen
Land  Aserbajdsjan
Del av Gamlebyen i Baku, Walled City of Baku with the Shirvanshahs' Palace and Maiden Tower
Verdsarvstad
År 2000 (#24)
Nummer 958
Region Mellom-Amerika og Karibia
Kriterium kulturelt
IUCN-kategori IV - Habitat
Kart
Sjirvansjahpalasset
40°21′58″N 49°50′00″E / 40.366111111111°N 49.833333333333°E / 40.366111111111; 49.833333333333
Wikimedia Commons: Palace of the Shirvanshahs

Sjirvansjahpalasset (aserbajdsjansk Şirvanşahlar sarayı) er det største monumentet i Sjirvan-Absjeron-greina av aserbajdsjansk arkitektur, som ligg i Gamlebyen i Baku. Komplekset består av hovudbygningen av palasset, Divanhane, gravkjellaren, moskeen til sjahen med ein minaret, Seyid Yahya Bakuvi-mausoleet, ein portal i aust - Murad-porten, eit reservoar og restane av ei badestove.

Palasset vart vist på eine sida av den aserbajdsjanske 10 000 manatsetelen i 1994-2006,[1] og på den 10-manatsetelen sidan 2006.[2]

Inngangen til palasset.
Foto: Frode H. Korneliussen

Historie[endre | endre wikiteksten]

På 1400-talet overførte Sjirvansjah-dynastiet under Ibrahim I av Sjirvan hovudstaden i landet frå Sjemakha til Baku, og starta bygginga av palasset. Bygningen er trudd å vere eit minnesmerke-kompleks bygd rundt ein heilag bedestad (pir) og ei grav for Seyyid Yahya Bakuvi som var Helwati Sufi-helgen. Sjirvansjahane var vernarar av Helwati Sufi-ordenen og sjirvansjah Khalilullah I vart gravlagd med familien sin ved palasset. Andre historikarar hevdar at bygningen vart nytta som palass for herskaren, men ein har ikkje funne bevis for desse teoriane. Det er derimot kjend at brunnen på innsida av palasset vart rekna for å ha lækjande kvalitetar fram til nyleg tid, og det same gjaldt åsen der palasset vart bygt.

Etter Safavid-erobringa av Baku i 1501 vart Sufi-prdenen driven ut og over hundreåra forfall palasset, og var i Baku kjend som Khan-palasset. Dette namnet vart nytta i russisk historiografi, først omtalt av Bartold.

Arkitektur[endre | endre wikiteksten]

Bygginga av hovudbygningen i komplekset vart starta i 1411 av sjirvansjah Sjeykh Ibrahim I. Den to etasjar høge bygningen tel om lag 50 forskjellige dimensjonar og konturar med tre smale vindeltrapper. Den store spissbogeportalen fører frå borggarden til andre etasje, inn i ein høg åttesidig sovestad dekt av ein kuppel. Ein liten, åttekanta, vestibyle, ligg bak denne, og knyter han til resten av palasset.

Turben eller mausoleet til sjirvansjahane i Baku. 1400-talet.

Divankhana er ein liten steinpaviljong. Han ligg på innsida av ein liten borggard omgjeven at ein galleri-bogegang på tre sider. Divankhana-pavljongen består av ein åttesidig hall dekt av ein steinkuppel både på innsida og utsida. Den store høge portalen ved hovudinngangen er dekorert med ornament og arabiske inskripsjonar. Ornamenta syner samanfletta fiken- og vinrankeblad. Portalen er òg dekorert med to medaljongar på innsida med inskripsjonar på kufisk arabisk.

Mausoleet til sjirvansjahane er eit firkanta bygg krona med ein sekskanta kuppel som er dekorert frå utsida med fleiregreina stjerner. Inskripsjonen ved inngangsdøra indikerer kva bygningen vert nytta til, «Khalilullah I, den største Soltan, store sjirvansjah, namnebror av den guddommelege profeten, forsvararen av den religiøse ordenen til å bygge dette lyse gravkammeret for mora hans og sonen i 839» (1435–1436). På to dropeforma medaljongar i flanelldelar av portane er det inskirpsjonar av namnet på arkitekten - Memar Ali (arkitekt Ali).

Palassmoskeen (1430-åra) ligg ved den nedre borgplassen i komplekset. Lakonismen i dei prismeforma romma, med to svakt tilspissa kuplar, og er sjattert med store vertikale linjer frå minareten som står i nordausthjørnet av bygningen. Det er to kapell for bøn i moskeen, ein stor hall for menn og ein mindre for kvinner, samt nokre siderom. Det er ein inskripsjon lagt under stalaktittbeltet av minareten som les «Den store Soltan Khalilullah I gav ordre om å byggje denne minareten. Må Allah prise dagane hans med styre og hersking. Året 845» (1441–1442).

Seyid Yahya Bakuvi-mausoleet ligg i sørdelen av komplekset. Seyid Yahya Bakuvi var ein kongeleg lærd i hoffet til sjirvansjah Khalilullah. Mausoleet er åttekanta med ein åttekanta baldakin. Han består av delar over bakken og underjorda. Den øvre delen av mausoleet tener til å utføre kultritual, og den nedre husar gravkammeret. Det er tre lansettvindauge med ei steinsprosse - shabaka på sørsida, austsida og vestsida av mausoleet.

Sjirvansjahpalasset omfattar òg austporten, den såkalla Sultan Murad-porten (1585). Han vart bygd innanfor bymurane seinare enn alle dei andre bygga i komplekset under den osmanske okkupasjonen i 1585 til 1603. Portane vart kalla opp til ære for sultan Murad III.

Badestova ligg nedst i komplekset. Det vart oppdaga i 1939 og er datert til 1600-talet. Arkeologiske utgravingar synte ei stort badehus med 26 rom. Ut frå restane av veggane til huset kan ein sjå at romma brukte å vere dekte av kuplar og at lys kom inn opningar i kuplane. Badehuset var delvis under jorda for å haldast varm om vinteren og kjølig om sommaren.

Sjirvansjahpalasset vart erklært eit museumsreservat i 1964 og vart verna av staten. Store restaurasjonsprosjekt pågår i dag.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Central Bank of Azerbaijan Arkivert 2010-03-14 ved Wayback Machine.. National currency: 10000 manat Arkivert 2018-02-24 ved Wayback Machine..
  2. Central Bank of Azerbaijan Arkivert 2010-03-14 ved Wayback Machine.. National currency: 10 manat Arkivert 2021-04-24 ved Wayback Machine.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sjirvansjahpalasset

40°21′58″N 49°50′00″E / 40.366149°N 49.833443°E / 40.366149; 49.833443