Sjokoladen Smil
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Smil er namnet på ein sjokoladetype laga av Freia som blei laga for første gong i 1955. Sjokoladen har form som ein smalnande sylinder og består av ei kjerne flytande toffee med eit skal av Freia Melkesjokolade rundt. Han blir som regel selt saman med fleire andre innpakka i ein rull. Først var bitane ovale, men frå 1978 fekk dei den noverande runde forma dei har i dag (2007).
Ein standard 78 g Smil-rull inneheld 13 bitar. Smil har vorte marknadsført under slagordet «smart å dele».