Sjona

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Munningen av Sjona sett frå Sjonfjellet. Handnesøya til venstre, i bakgrunnen Lovund og Træna.

Sjona er ein fjordHelgeland i Nordland fylke. Fjorden byrjar ved Sjonøya i Lurøy kommune og møter Litlsjona innanfor Handnesøya (Nesna kommune) før han går vidare innover til Sjonbotn og Nordsjona (Rana kommune). Fjorden har ei lengd på om lag 33 km.

Inst i fjorden deler han seg i to delar Nordsjona går nordover og Sørfjorden søraustover.

Nokre av dei største elvane som renn ut i Sjona er Flostrandelva, Helgåga og Botnelva. Det vert fiska anadrome laksefisk i alle desse, og Flostrandvassdraget er spesielt kjend for sjørøya si.

Botnelva er utløp frå Sjona Kraftverk som er eit av Helgelandskraft sine største kraftverk. I samband med den auka tilførselen av ferskvatn dette har gjeve til fjorden er det oppretta eit isfond som gjev midlar til isførebyggende tiltak for fiskarar og andre fastbuande ved fjorden. Dette vatnet skulle eigentleg rent ut i fjordarmen Utskarpen i Rana.

I motsetnad til mange andre fjordar har Sjona ingen terskel ved munningen, og det er derfor stor utskifting av vatnet i fjorden.

Fylkesveg 17 går langs begge sider av fjorden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]