Sjupartialliansen for demokrati i Nepal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sjupartialliansen for demokrati i Nepal er ein samanslutnad av dei to største og fem mindre parlamentariske parti. Ved det siste parlamentsvalet i Nepal i 1999 fekk desse partia over 80 % av røystene.

Sjupartialliansen vart danna våren 2005, som ein reaksjon mot kong Gyanendra sitt statskupp 1. februar same året. I løpet av 2005 vart alliansen ein hovudpartnar for maoistane i Nepals kommunistiske parti (maoistane) i forhandlingane om å få avslutta borgarkrigen som har pågått i Nepal sidan 1996.

Desse partia deltek i alliansen:

Etter eit folkeopprør danna Sjupartialliansen regjering 1. mai 2006. 1. april 2007 vart denne regjeringa erstatta av ei overgangsregjering, der også maoistane deltek.