Sjur Helgeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sjur Larsson Helgeland, (19. august 185812. april 1924), var ein spelemann frå Voss i Hordaland. Han er rekna som ein viktig stilskapar i vossaspelet etter Ola Mosafinn.

Sjur kom frå Myrkdalen på Voss, og vart først lært opp av far sin, Lars Olsson Helgeland. Seinare var han mykje i lag med Ola Mosafinn, og desse bytte mange slåttar. Nokre av slåttane som er skrivne opp etter Ola, er opphavleg frå Sjur. I tillegg til det tradisjonelle spelet, fekk Sjur og ei god mengde runddans-slåttar, som han lærte av ein farande spelemann som berre var kalla Storspelaren.

Sjur Helgeland mogna inn i ei nyskapande tid. Han brigda og brøytte om på eldre spel, og dikta mange nye slåttar. Han var påverka av Lars Fykerud, og vart inspirert til å laga "tonestykke", nye lydarslåttar, som var reine konsertnummer. Han og Fykeruden sette saman fleire slike, men ikkje alle overlevde. Det mest kjende av desse tonestykka er Budeiene på Vikafjell, som mest er ein heil suite.

Sjur Helgeland var ein storbygd kar, som sjølv skrytte av at han åtte manken til Bjørnstjerne Bjørnson og fingrane til Ole Bull. Dei to som nok vart mest påverka av han, var Lars Skjervheim frå Myrkedalen, og Sigbjørn Bernhoft Osa frå Voss.

Slåttar skrivne ned etter Sjur Helgeland[endre | endre wikiteksten]

Hardingfeleverket har 11 nedskrifter etter Sjur. Dei fleste er gjort av Arne Bjørndal, men ein er gjort av Henrik Gjellesvik, og ein av Sven Nyhus.