Sjur Sexe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjur Sexe
Fødd14. august 1808
Død17. februar 1888
NasjonalitetNoreg
Yrkeprofessor, matematikar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materBergen Katedralskole
MedlemDet Norske Videnskaps-Akademi

Sjur Aamundsen Sexe (14. august 180812. februar 1888) var ein norsk matematikar, geografiprofessor, bergverksmann og tidleg målmann frå Hardanger.

Oppvekst og studie[endre | endre wikiteksten]

Sjur Sexe vart fødd på garden Sekse i Sørfjorden i Hardanger. Foreldra var haugianarar og faren arbeidde som omgangsskulelærar. Prosten i Ullensvang, Niels Hertzberg la merke til guten, lærte han landmåleteknikk og lånte han bøker. Sjur Sexe fekk seg slik gode kunnskapar, men han vart buande på Sekse gjennom heile ungdomstida.

Tjueto år gamal vart Sjur Sexe send til Bergen for å selja frukt. Her banka han på hos skulebokforfattaren og diktaren Lyder Sagen og gav han ei ekstra skjeppe med eple som takk for leseboka Sagen hadde skrive. Etter dette tok Lyder Sagen kontakt med rektoren på Bergen katedralskule, Hans Holmboe og syrgde for at Sjur Sexe fekk ta gratis privatundervisning i klassiske språk. Sjur Sexe studerte i tillegg ei rekkje fag som privatist og tok examen artium i 1834. I 1841 vart han gift i Bergen med Anna Severine Sivertsen.

Sjur Sexe reiste no til Christiania der han studerte bergvitskap. Etter kvart som han studerte, fekk han gode stillingar innanfor gruvedriftsbransjen. I åra 1843 - 1844 fekk Sexe statsstipend for å vitja bergverk i Sverige og Tyskland i tillegg til eit kort studieopphald ved Universitetet i Berlin.

Arbeid[endre | endre wikiteksten]

I 1846 vart Sexe tilsett som bergmeister ved Kongsberg Sølvverk. Allereie i dei fyrste åra han var tilsett vart han innblanda i ein stor konflikt i bergverket. Konflikten handla om ein skulle leia vatn over eit "stollkne" for å driva vasshjul inne i gruvegangane, og korleis ein i så fall skulle frakta frisk luft inn i gruvene. Sjur Sexe gjekk her til åtak på sine overordna, m.a. direktør Bøbert, gjennom innlegg i dagspressa. Dette førte til at Sexe vart fråteken stillinga si i 1850, sjølv om ettertida har synt at det var Sexe som hadde rett i konflikten. Ved hjelp av Stortinget fekk han likevel behalda løna si. Frå januar til mars 1851 var han ordførar i Kongsberg.

I 1852 gjekk Sexe i staden inn i læraryrket i Kristiania. Han underviste ved Nissen skole og hadde førelesningar i fysikk ved universitetet. Frå 1860 vart han universitetslektor i bergbyggingslære og fysisk geografi. Frå 1866 til 1877 vart han forfremja til professor i desse faga. I tillegg var han tilsett som statsrevisor i åra 1862-1871.

Sjur Sexe gav ut ei rekkje vitskaplege verk. Nokre av desse handla om matematikk, men dei mest banebrytande arbeida hans handla om glasiologi, om istida, landreisinga og ymse landformer i Noreg som er forma av isen. Når det galdt språkspørsmål var Sexe venstremann og ein tidleg målmann. Han vart ein nær ven av Ivar Aasen, og gav ut fleire tekstar på eit målførefarga språk, m.a. fleire dikt og ei salmebok. I Morgenbladet kom det ut eit anonymt innlegg som inneheldt eit utdrag av Iliaden av Homerhardingdialekt; det var truleg Sexe som skreiv dette innlegget. Ei Prøva taa eit Bygdamaal var tittelen på ein annan artikkel i Morgenbladet som visseleg er skriven av Sexe på hardingmål.[1]

Sjur Sexe døydde i Kristiania i 1888. Han har i dag fått gater oppkalla etter seg både i Kongsberg og i Oslo. Dei etterlatne dikta hans vart utgjevne av Olaf Hanssen i 1932.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Opedal, Halldor O. (2005) Hardingmålet. Ord og vendingar og stil. Ny og auka utgåve ved Oddmund Hus., s. 240