Skåla

Koordinatar: 61°52′7″N 6°57′56″E / 61.86861°N 6.96556°E / 61.86861; 6.96556 Coordinates: Extra unexpected parameters
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

61°52′7″N 6°57′56″E / 61.86861°N 6.96556°E / 61.86861; 6.96556 Coordinates: Extra unexpected parameters

Skåla
fjell
Kloumannstårnet i fagert ver.
Land  Noreg
Område Stryn (Vestland)
Høgd 1 848 moh.
Primærfaktor 330 m
Kart
Skåla
61°51′10″N 6°57′59″E / 61.85277778°N 6.96638889°E / 61.85277778; 6.96638889
Wikimedia Commons: Skåla

Skåla er eit fjell i Loen i Stryn kommune på 1848 moh. Fjellet er det 371. høgaste fjellet i landet av fjella med primærfaktor på minst 50 meter. Skåla ligg på 1843 moh, medan Stryneskåla som ligg særs nær er på 1848 moh.

På toppen står Skålatårnet (Kloumanstårnet), eit tårn murt i stein med 22 sengeplassar, som vart oppført i 1891 av doktor Hans Henrik Gerhard Klouman. Tårnet vart meint for å lækje folk med tuberkulose, Dr. Klouman meinte at den tynne lufta ville gjere folk friske og dei kunne opphalde seg i Kloumanstårnet. Kvart år vert motbakkeløpet Skåla 1848 meter rett opp arrangert. Det går frå botn og opp og er på 1823 stigningsmeter.[1] Bakkane frå Tjugen til Skålatårnet er Noregs lengste samanhengande motbakke.[treng kjelde]

Kloumanstårnet[endre | endre wikiteksten]

Ogso gitt namnet Skålatårnet. Frisk høgfjellsluft skulle vere helsebringande for tuberkulosen som var ein stor folkesjukdom på slutten av 1800-talet. Dette argumenterte doktor Hans Henrik Gerhard Klouman i Innvik med då han klarte å skape interesse for å få bygd eit tårn på Skåla, 1848 moh. Samstundes såg ein at dette kunne vere interessant for eit aukande tal turistar. Dei to hotella i Loen støtta med 100 kr. kvar og i alt vart det samla inn 1100 kr. Det vart bestemt at det skulle lagast ein meter brei rideveg opp, slik at folk kunne fraktast på hesteryggen. Grunneigarane avstod fri grunn og fekk som kompensasjon einerett til føringa. Tårnet har over metertjukke vegger og er på to etasjar. I andre høgda er det tre køyer over kvarandre, i ein halvsirkel, med plass til i alt sju i kvar seng. Tårnet vert drive som sjølvbetent hytte av Bergen Turlag.

Overtalte bygdefolket[endre | endre wikiteksten]

Klouman makta det meisterstykket å overtala bygdefolket til å slutta opp om dette prosjektet både økonomisk og med arbeidsinnsats. Som lege hadde han autoritet. På denne tida herja tuberkulosen i bygdene og fjellufta skulle vera lækjande mot denne sjukdommen. Folk hadde opplevd tuberkulosen på nært hald, og mange ville ta i eit tak for å hjelpa dei som var sjuke. Folk frå Faleide kom roande 15 km til Loen for å bera tunge bører til fjells. I brev til "Lodølerne" hevda Klouman òg at huset på Skåla ville trekkja mange turistar til "yndige Loen, kanskje den mangedobbelte mængde imot nu". Mange reisande vil gje betre økonomi og bøndene kunne få selja varene sine til betre prisar, hevda han. Det ville verta stor trong for ridehestar til Skåla og han trudde at prisen for ein tur med hest og mann ville kosta 7 kroner. Han utfordra lodølene til å teikna seg og hevda at pengane ville koma mangedobbelt att. Klouman planla nøye på etterjulsvinteren 1891.

Sommaren 1891[endre | endre wikiteksten]

Sommaren 1891 skulle bygginga skje. Dei meinte prisen ville bli kring 1000 kroner. I juli 1891 var byggematerialane på plass i bygda. Dei satsa på å få saman berarar ein laurdag i slutten av juli. Dei ville at ha Hans A. Faleide skulle underhalda berarane med fele og lur på den tunge turen opp. Men ingen ting skjedde denne laurdagen. Dei fekk ikkje nok berarar. Tida gjekk og vinteren kjem tidleg på Skåla. Klouman pressa på i brev til Helge Loen for no tok det til å verta kritisk. Murane hadde gått opp og dei måtte ha materialar for å kunna utføra sitt arbeid. Men det ordna seg, drive fram av Klouman sin sterke vilje. Det synte seg òg at det tok mykje tid og arbeid å få dei som hadde teikna seg for pengetilskot til å betala inn summen.

Skålatårnet stod ferdig[endre | endre wikiteksten]

Det meste av byggematerialane var på fjellet. Tårnet skulle byggjast i stein. Steinen var av god kvalitet og mykje kunne nyttast utan tilhogging. Tårnet vart mura med dobbel mur. Mellom murane vart det fylt med småstein. Murane vart bundne saman av gjennomgåande heller. Muren er over ein meter tjukk og tårnet har ein indre diameter på fem meter. Tårnet er sirkelforma og bygt i to høgder. På taket la dei papp, og det vart mykje arbeid seinare for å halda taket vedlike. Tårnet vart ikkje heilt ferdig sommaren 1891, men godt nok til at det kunne nyttast til overnatting. Vegger og tak, vindauge og dører var på plass. Dei som bygde tårnet, laga seg eit telt av seglet frå ein storebåt. Der sov dei og der laga dei seg mat. Dei kokte og steikte på ein oljebrennar. Arbeidet gjekk utan avbrot. Då dei var ferdige, fanst det ikkje att høveleg byggjestein stein på lang lei.

Klouman døydde[endre | endre wikiteksten]

Henrik Klouman hadde hatt fleire tilfelle av influensa sommaren 1892. På ei tenestereise til Oppstryn pådrog han seg så ei alvorleg forkjøling. Etter eit par dagar i sjukesenga, døydde Klouman den 14. september 1892. Han vart gravlagd i Kristiania. Familien drog no frå bygda og i 1896 gav fru Klouman tårnet til folket i Loen. No måtte bygdefolket ta stilling til korleis ansvar og arbeid skulle fordelast. Enden på den visa vart at dei gav tårnet til Bergens Turistforening, i dag Bergen Turlag.

Vegbygging[endre | endre wikiteksten]

Etter planen skulle det også byggjast veg til Skåla. Dette arbeidet vart no sett i gang. Knut Tjugen, som vart tilsynsmann i 1910, var ei drivande kraft i dette arbeidet. Han vart kalla "Skåleuren byggmester". Grunneigarane gav fri veg frå garden Tjugen og oppover, og den skulle vera ein meter brei. Dei var sjølve med og stakk den ut slik at vegen ikkje skulle koma til ulempe for dei sjølve. Meininga var at det skulle verta ride- og kløvjeveg. Men fram til i dag har ingen hest vore på Skåla. Etter Klouman vart dokter Brodtkorb ny lege i indre Nordfjord. Han tok over både legegjerninga og interessa for Skålatårnet. Mellom 1905 og 1913 vart det meste av vegen bygd. Mange stader vart det berre laga grusveg, men i steinurane mellom breane la dei trappesteg, nesten 1000 i alt.

Tilsyn[endre | endre wikiteksten]

Helge Loen vart tilsett som første tilsynsmann for Skålatårnet. I 1900 slutta han, og Knut Tjugen tok over. Sonen Anders tok over etter han. Anders Tjugen hadde i hovudsak tilsynet fram til han døydde i 1965. Då han var i Amerika, hadde broren Ole ansvaret. Då Anders Tjugen døydde, tok brorsonen Knut Tjugen over endå han berre var 16 år. Håkon Loen vart tilsynsmann kring 1968. Alle som ville til Skåla måtte innom stova på Tjugen for å skriva namna sine i ei bok og for å få lykel til tårnet.

Vedlikehald[endre | endre wikiteksten]

Like frå bygginga hadde taket vore eit stort problem. I 1898 fann dei ut at bølgjeblekk var det einaste som ville halda, men så snudde dei og valde i staden å satsa på papp. Bølgjeblekket vart for dyrt. Då dei la aluminiumstak i 1952, fann dei heile ni lag med papp. Leif Lødemel var ein viktig mann då dei bytte tak i 1952. Han leia dette arbeidet og utførte det på ein framifrå måte. Dei fekk òg laga halvmåneforma senger med plass til i alt 22 personar. Sengematerialane måtte berast opp av bygdefolket. Etterpå var det dans og fest i låven på Tjugen og i ungdomshuset Heimtun. I 1960- og 1970-åra var tårnet merkt av sterkt forfall. Turistane klaga og noko måtte gjerast. I 1972 var det innkjøpt til saman fire tonn med møblar, kjøkenutstyr, proviant og materialar. Dette vart samla i Loen. No nytta dei helikopter opp til toppen. Utover i 1970-åra la folk i Loen ned eit stort arbeid for å halda verket til Klouman i god stand, og no er Skålatårnet godt vedlikehalde. Fram til at tårnet vart restauret i 1970-åra, var det årlege besøket på mellom 100 og 300 personar. Etter dette tok det til å auka. I 1989 passerte besøkstalet 1000 og 1990 var talet 1034.

Kritisk til tuberkulose-teorien[endre | endre wikiteksten]

I desember 2012 avviser lokalhistorikar Ove Eide teorien om at Skålatårnet vart bygd for tuberkulose-pasientar. Etter å ha gått gjennom alt skriftleg materiale knytt til bygginga av tårnet konkluderer han med at tårnet var bygd for fjellvandrarar og turisme. Ingen stad i dei skriftlege kjeldene går det fram at dette var meint for tuberkulose-pasientar hevdar han. Først i 1991, hundre år etter at tårnet var bygd, dukkar historiene om tuberkulose-pasientane opp. Forfattaren av boka «Skåla – fjellet og folket» (Selja forlag, 2011), Inge Fænn står derimot på sitt, og meiner dei munnlege kjeldene han har brukt er gode nok som dokumentasjon på at tårnet var bygd for pasientar. Det meiner også Fænn si viktigaste kjelde i boka, Håkon Loen, som er barnebarn til doktor Hans Henrik Gerhard Klouman. Ove Eide sitt arbeid med dei skriftlege kjeldene førte likevel til at NRK Sogn og Fjordane sitt «fylkesleksikon» endra sin artikkel om Skålatårnet i tråd med Eide sine resultat.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Boka Opptur - 267 fotturar i Sogn og Fjordane av Anne Rudsengen

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]