Skåne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skåne heilt sør i Sverige

Skåne er det landskapet som ligg lengst sør i Sverige. Det ligg i det området som historisk sett vert kalla Skåneland. Landskapet fell for det meste saman med lenet Skåne län, tidlegare delt opp i Malmöhus og Kristianstads län. Eit lite område av Halland, Östra Karups socken, inngår òg i Skåne län. Skåne er ei stor halvøy som i nord grensar opp mot dei tre landskapa Halland, Småland og Blekinge frå vest mot aust. I vest ligg Kattegat og det smale Øresund som skil Skåne frå Danmark; I sør og aust ligg Austersjøen. Skåne utgjer saman med austlege delar av Sjælland den såkalla Øresundsregionen.

Skåne er det største av dei tidlegare danske Skånelanda med 1,2 millionar innbyggjarar. Skåne, som tidlegare var delt i Malmöhus län og Kristianstads län, har sidan 1997 vore styrt av Region Skåne, medan Skåne län tek i var dei regionale oppgåvene til staten.

Adam av Bremen skildrar i 1068 Skåne som den rikaste, venaste og viktigaste delen av Danmark, med den største folkesetnaden og eit stort handelssentrum. Lund var i ein kort periode hovudstad i Danmark, og Malmö var i fleire hundre år den nest største byen i Danmark. Frå omkring 1100 budde erkebiskopen i Danmark i Lund, og her vart det danske riksbanneret Dannebrog oppbevart. Skånemarknaden ved Skanør og Falsterbo var etter Øresundstollen den viktigaste inntektskjelda til Danmark.

Erkebispesetet i Lund styrte i ein periode over eit område som strekte seg frå den nordtyske kysten til Nordkalotten. Allereie på 1000-talet hadde Skåne ifølgje Adam av Bremen 300 kyrkjer, fleire enn i heile resten av Danmark. Kyrkja i Dalby, bygd av Knud IV den heilage i 1060 var den første steinkyrkja i Danmark. I Skåne budde dei rikaste og mektigaste danske adelsslektene. Ingen konge kunne ta over den danske trona utan å ha vorte hylla av skåningane på Lerbäckshøjen ved Lund.

Namnet «Skåne» er truleg ei forvansking av det oldgermanske 'skadin-auio' (skjer-øy), som òg vart overteke av romarane som nemning for 'Skandinavia', heile området nord for Germania (det noverande Tyskland).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skåne var opphavleg eit lokalt sjølvstyrt område, men frå Harald Blåtann si erobring i siste halvdelen av 900-talet ein del av Danmark, saman med Halland, Blekinge og Bornholm – i den historiske litteraturen namngjeve som Skånelanda eller Skånelandskapen.[1] I år 1060 vart Lund erkebispedøme oppretta, som i tida 11041152 var erkebispedøme for alle dei tre nordiske rika, og i 11641531 overordna erkebispedøme i Uppsala. Lund kom dermed til å fungere som eit kulturelt sentrum fram til reformasjonen for både Danmark og Sverige-Finland (medan Noreg var sjølvstendig med sitt eige sjølvstendige Nidaros erkebispedøme i Trondheim). Nært tilhøve med Hansaforbundet i nordlege Tyskland førte til ein økonomisk oppsving som varte fram til slutten av 1500-talet. Den danske reformasjonen fekk episenteret sitt i Malmö. Ved freden i Roskilde i 1658 vart desse områda overdrege til Sverige. Innleiingsvis skjedde den svenske overtakinga gradvis, og for Skåne sin del frå 1719, til området var heilt integrert i Sverige.

Symbol[endre | endre wikiteksten]

Flagget til Skåne

Uoffisiell (ålment vedteke) skånehymne er Nils Hansson sin «Song til Skåne» frå rundt år 1900. Men òg Oskar Patrik Sturzenbecker sin «Det är ett 'yndigt' land» (som har same versemål og byrjing som Oehlenschläger sin «Der er et yndigt land» fordi den berømte bladmannen i Helsingborg ynskte at ein skulle synge prisen til fedrelandet etter same melodi på begge sider av Øresund) frå omkring 1850, Zacharias Topelius sin «Lund-sletta» frå 1868, og dessutan K.G. Ossianilsson sin «Skånesang» frå 1905 og «Här är den bygda som fäderna röjde» av Nils Hildestrand kan òg nemnast.

Byar[endre | endre wikiteksten]

Landsdelar[endre | endre wikiteksten]

Turistmål i Skåne[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Skåneland, Skånelandskapen. Nationalencyklopedin.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]