Skýros
| Skýros Lokalt namn: Σκύρος |
|
|---|---|
| Geografi | |
| Stad | Egearhavet |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Øygruppe | Dei nordlege Sporadane |
| Areal | 209 km² |
| Høgaste punkt | Ólymbos (903 moh.) |
| Administrasjon | |
| Land | Hellas |
| Periferi Periferieining |
Sentral-Hellas Évvia |
| Største busetnad | Skýros (1 657 innb.) |
| Demografi | |
| Folketal | 2 994 (2011) |
| Folketettleik | 13,4 /km² |
Skýros (gresk Σκύρος) er den sørlegaste øya i Dei nordlege Sporadane i Egearhavet i Hellas. Rundt år 2000 fvt. vart øya kalla «Øya til magnetane», der magnetane budde, og seinare Pelasgia og Dolopia. Med eit areal på 209 6km² er ho den største av Dei nordlege Sporadane og har eit folketal på om lag 3 000.
Til skilnad frå dei andre øyane i Dei nordlege Sporadane høyrer ikkje Skýros til Thessalía, men er ein eigen kommune i periferieininga Évvia i periferien Sentral-Hellas.
Den nordlege delen av øya er dekka av skog, og her ligg óg det høgaste punktet på øya, Ólymbos på 903 meter over havet, medan den sørlege enden er dominert av fjellet Kókhylas og er bar og steinete. Hovudbyen på øya heiter òg Skýros (eller lokalt Khóra). Den største hamna, som ligg på vestkysten, er Linariá. På øya ligg det ei borg (kastro) som vart bygd under den venetianske okkupasjonen (1200- til 1400-talet), eit austromersk kloster (St. Georg-klosteret), grava til den engelske diktaren Rupert Brooke ved hamna Tris Boúkes og den arkeologiske utgravinga Palamári frå bronsealderen. Det er mange strender langs kysten.
Ein kan nå Skýros med båt frå Skiáthos eller Évvia.
Historie [endre]
I gresk mytologi skal Theseus ha døydd på Skýros.
I 475 fvt. erobra Kimon heile øya. Frå denne tida vart øya ein del av Det athenske forbundet, som seinare vart det athenske riket. Kimon hevda å ha funne levningane etter Theseus og sende dei tilbake til Athen.
I 340 fvt. tok makedonarane over øya og regjerte over ho fram til 192 fvt. då romerske styrkar og Filip V av Makedonia gav ho tilbake til Aten.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Skyros frå Engelsk Wikipedia .
|
|
|
|---|---|
| Ulike inndelingar | Dei nordlege Sporadane • Dei sørlege Sporadane • Periferieininga Sporadane |
| Hovudøyar | Skiáthos • Skópelos • Alónnisos • Skýros |
| Mindre øyar | Adelfíøyane • Eriniá • Joúra • Kyrá Panajá • Peristéra • Pipéri • Psathoúra • Répi • Sarakinó • Skándzoura • Skyropoúla • Tsougriá • Válaxa |