Skageflå

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 62°06′37″N 7°07′15″E

Skageflå ligg rundt 250 meter over Geirangerfjorden
Foto: Frode Inge Helland
Frå Skageflå ser ein over mot Dei sju systrene og Knivsflå

Skageflå er ein fjellgard ved Geirangerfjorden i Stranda i Møre og Romsdal fylke. Garden ligg på ei fjellhylle 250 moh. på sørsida av fjorden. Garden har vore i bruk heilt sidan mellomalderen. Han har vorte rekna som ein av dei rikaste gardane i Geiranger. Grøderike slåttemarker og fjellbeite gjorde at garden kunne fø opp til 125 geiter. For det meste har han vore einbølt. Etter eit jordskred i 1873 skadde bømarka slo to familiar seg ned på Skageflå for å hjelpast åt med oppryddinga av dei øydelagde markane. Garden vart fråflytt i 1918.

Skageflå hadde ein særs vanskeleg tilkomst frå fjorden. Over eit slett skråberg var det i gamal tid utlagt stokkar som ein måtte gå på for å kome vidare. Ei kjend soge, som vert rekna for sann, seier at brukaren på Skageflå ein gong drog vekk desse stokkane for å hindre at lensmannen skulle kome til gards.[1] I 1855 løyvde kommunestyret pengar så det kunne skytast veg over svaberget.

Garden er restaurert og vert halden i hevd gjennom eit samarbeid mellom grunneigar, Storfjordens Venner, Riksantikvaren og Møre og Romsdal fylke.

Skageflå fekk stor merksemd i 1993 då eit kongeleg fylgje, med dronning Sonja i spissen, vitja garden. Dronning Sonja avduka ein verdsarvplakett etter at Vestnorsk fjordlandskap hamna på UNESCO si verdsarvliste i 2005. Kvar sumar tek mange turen hit. Ein kan kome til Skageflå frå Geiranger med båt, eller fylje ein sti over fjellet. Då kjem ein forbi Homlongssætra på om lag 550 moh.[2] Skageflåfossen, og kalla Friaren, ligg ved garden.

I 2008 mottok Partslaget Skageflå Godt Vern-prisen frå Fortidsminneforeininga på Sunnmøre.

Skageflå vert og brukt som slektsnamn. I 2009 er det seks personar som heiter det. [3]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Sakarias Ansok: Eld som slokna. side 89
  2. Fotturar i Geiranger
  3. ssb.no

Kjelder[endre | endre wikiteksten]