Skagerrak

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Skagerrak og Kattegat

Skagerrak er havområdet som går mellom Noreg, sørvestkysten av Sverige og Jylland i Danmark. Ei rett linje frå Grenen ved Skagen lengst nord på Jylland mot Marstrand i Sverige markerer grensa mellom Skagerrak og Kattegat, som fører vidare til Austersjøen. I nord grensar Indre Skagerrak til Ytre Oslofjord.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namna til både Skagerrak og Kattegat har nederlandsk opphav. Skagerrak kjem av det nederlandske ordet for Skagen, det nordlegaste punktet på Jylland. Stavinga «rak» tyder sund.[1][2] «Rak» kjem igjen av den urindoeuropeiske rota *reg-, «sund».

Eit eldre namn for både Skagerrak og Kattegat var Norskehavet eller Jyllandshavet. Knýtlingasoga nemner namnet Jótlandshaf for begge området.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Midt på Skagerrak

Skagerrak er grovt sett forma som ein trekant og er 240 km lang og 80 til 140 km brei. Området vert djupare mot norskekysten og når eit djup på 725 meter ved Norskerenna. Av hamnebyar langs Skagerrak finn ein Oslo og Kristiansand i Noreg og Uddevalla og Strömstad i Sverige.

Skagerrak har ein salinitet på om lag 30 psu. Volumet som er tilgjengeleg for biomasse er om lag 3600 km², og inkluderer varierte habitat som sandbanker i Sverige og Danmark til dei djupe områda i Norskerenna.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Under begge verdskrigane var Skagerrak strategisk viktig for Tyskland. Eit av dei største sjøslaga under den første verdskrigen, slaget om Jylland, fann stad her 31. mai til 1. juni 1916. Det var viktig å ha kontroll over dette havområdet sidan det var den einaste naturlege tilkomsten til Austersjøen, og dette var del av årsaka til at Tyskland invaderte Danmark og Noreg under den andre verdskrigen.

Biologi[endre | endre wikiteksten]

Skagerrak er habitat for om lag 2000 marine artar, mange av dei tilpassa dette farvatnet. Ein finn t.d. torsk her som er tilpassa Skagerrak og som gyt utanfor norskekysten. Egga er flytande og ynglane lever av dyreplankton. Etter kvart som dei veks søkk dei til botn og veks. Torsken held seg lokalt i dei norske fjordane og flyttar seg ikkje ut av Skagerrak.

Dei varierte habitata og dei store mengdene plankton ved overflata har gjeve eit fruktbart dyreliv.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Nudansk Ordbog (1993), 15. utgåve, København: Politikens Forlag.
  2. Den Store Danske Encyklopædi (2004), CD-ROM edition, København: Gyldendal, Skagerrak.

Koordinatar: 57°50′50″N 9°04′23″E