Skal

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Skal er eit hardt dekke som ligg i eit lag rundt ein ting, til dømes frukt og grønsaker, egg, dyr eller bygde eller tenkte konstruksjonar. Skal blir ofte brukt som vern for innmat innanfor. Tilsvarande yter som er tynne og ettergjevande kan vera skinn eller hinne.

I dyreverda finn ein skal utanpå fleire organismar, som visse blautdyr (som snigel), leddyr (som krabbe) eller skjel, det siste har samanheng med ordet skal. Mange egg som blir lagde for å klekkast seinare har eggeskal. Slike skal er ofte bygde opp av kalk og er harde, med ei fast form.

Planteprodukt som frukt, grønsaker og knollar har ofte tjukke skal som er mjukare enn dyreskala. Dette kan ofte skrellast vekk for hand eller med ein reiskap. Ofte er skalet også her mest eit vern for innmaten, men til dømes potet bruker det til å lagra næringsstoff i.

«Skal» finst også i overført tyding, som elektronskal, eit tenkt skal laga av elektron rundt eit atom, og grunnleggjande dataprogram som ein brukar kommuniserer med eit operativsystem med, sjå Unix-skal.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.