Skalar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ein skalar er ein matematisk storleik som berre inneheld eitt element, i motsetnad til vektorar og matriser. Skalarar er element i ein algebraisk ring eller kropp, som til dømes heiltal i ringen Z, reelle tal i kroppen R og komplekse tal i kroppen C.

Døme frå fysikk[endre | endre wikiteksten]

Hastigheit og kraft er døme på vektorielle storleikar, i og med at desse i tillegg til ein skalar talverdi òg har retning. Masse, trykk og ladning derimot har ikkje retning og er difor skalare storleikar.

Spire Denne matematikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.