Skalare

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skalare
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Actinopteri
Orden: Piggfinnefiskar Perciformes
Underorden: Labroidei
Familie: Ciklidar Cichlidae
Underfamilie: Cichlasomatinae
Stamme: Heroini
Slekt: Skalare Pterophyllum
Heckel, 1840

Skalare (Pterophyllum) er ei slekt ciklidar som høyrer til dei mest vanlege akvariefiskane. Det finst tre registrerte artar, alle med opphav i Amazonasbassenget i Sør-Amerika.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Skalaren er lett å kjenne att på den lateralt flattrykte kroppsforma og dei lange finnane. Dette er ei kroppsform som ikkje er særleg vanleg mellom ciklidane. I naturen har dei som regel stripar langsmed sidene, noko som gjer dei betre kamuflert i vegetasjonen dei heldt til i.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Skalarar er rovfisk som tek byttet sitt via bakhaldsangrep. Som regel et dei små fisk og større virvellause dyr, i akvarium er dei lette å venna til tørrfor. Unge skalarar lever i stim, men dannar par for livet når dei vert vaksne.

Hoa legg dei opptil 1000 egga sine på røter eller blad og vernar dei saman med hannen aggressivt mot andre fisk. Som andre ciklidar har skalaren avansert yngelpleie, men utan munnruging.

Artar[endre | endre wikiteksten]

P. scalare Lichtenstein, 1823

Denne varianten er den vanlegaste. Allereie i 1909 vart dei importert som akvariefisk til Europa, og i dag er dei å få i dei fleste akvariebutikkar. Eksemplara som er i handelen er som regel framavla i fangenskap, og finst i mange ulike fargevariantar.

P. altum Pellegrin, 1903

Pterophyllum altum lever i Orinoco-bassenget og i øvre delar av Rio Negro-vassdraget. Fargen er vanlegvis sølv med mørke stripar på sidene, stundom med raude flekkar i vaksen alder. Denne arten er den største i slekta; det er registrert eksemplar som har målt 50 cm frå rygg- til gattfinnespiss. I motsetnad til andre artar i slekta er ikkje P. altum nokon lett art å ha i akvarium, særleg er formeiringa vanskeleg.

Han skil seg frå P. scalare m.a. ved å ha brattare rygg frå hovudet opp mot ryggfinnen og med ein salforma innbukting over nasen.

P. leopoldi Gosse, 1963

Pterophyllum leopoldi har horisontalt lengre kropp enn dei andre artane, og kan skiljast frå P. scalare ved at det vertikale bandet som går over auga ikkje skrånar bakover. Arten kjem frå Amazonas og nokre sideelver, men er enno ikkje fullt godkjend som eigen art.