Skallar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Skalle.
Korte skallar med snøring.
Halvhøge skallar i snøen.
Samar fra Karasjok i samedrakt. Frå Norges Nationaldragter (1852)

Skallar (nordsamisk gállohat eller nuvttohat[1]) er tradisjonelt samisk vinterfottøy av reinsdyrskinn der håra vendar ut. Ein bruker helst skallar i tørr snø og innandørs.[2]

Framstilling og bruk[endre | endre wikiteksten]

Skallar er laga av reinbellingar, altså hud frå føtene til reinsdyr, i nokre høve også skinn frå dyret sin skalle. Ein treng typisk skinn frå fire bein og ein skalle til eit par skallar.[2]

Den tradisjonelle tillaginga går ut på at ein gnir lêrsida med seljebork dyppa i seljeborkekstrakt. Dette gjer lêret haldbart og noko stivt, slik at det held fasongen. Det får også ein raudbrun farge. Skorne blir sydd for hand med senetråd frå rein.[2] Skorne kan dekkja ankelen eller gå noko høgare. Tåtuppen stikk gjerne ut og krøllar seg litt tilbake, som ein snabelsko.

Skallane kan pyntast rundt kanten med skinn- eller tekstilband. Ein kan også ha farga kledestrimlar i saumane. Skorne kan ha snøring øvst, gjerne av tvinna garn. Dei pleier også ha hemper der ein kan festa skalleband.

Inni skallen legg ein tradisjonelt sennegras rundt heile foten, slik at han held seg tørr. I moderne tid er det vanleg å bruka kartanka, tova filttøflar, i staden. Ein bruker å bytta skorne mellom høgre og venstre fot for å halda på forma.[2]

Bellingskallar har sole med to skinnstykke der håra er vendt mot kvarandre slik at ein ikkje så lett skal gli på underlaget.[3]

Biletdøme[endre | endre wikiteksten]

Sjå og[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Norsk-nordsamisk ordbok/ Dáru-davvisámi sátnegirji ved davvi.no
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 skaller i Store norske leksikon
  3. «Støvel» ved Hadeland Folkemuseum, digitaltmuseum.no