Skallesaum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Denne artikkelen handlar om ledda mellom knoklane i hovudskallen. For sting som held veva saman, sjå kirurgisk sutur. For dei naturlege strukturane som finst hjå mange dyr, sjå sutur i anatomi.
Hovudskallen sett frå sida
Hovudskallen sett frå sida med fleire saumer

Ein skallesaum eller skallesutur (av latin suturae cranii) er eit fibrøst ledd som berre finst i hovudskallen, og som er samanknytt av Sharpeys fibrar. Saumane bidreg til små rørsler, som igjen betrar compliance og elastisitet i skallen. Ledda i skallen er synartrosar.[1][2] Det er vanleg at mange av knoklane i skallen ikkje er samansmelta ved fødsel. Samansmeltinga av desse knoklane blir kalla kraniosynostose.[3] Omgrepet «fontanell» blir brukt for å skildre dei resulterande blaute områda hjå foster før forbeining.[4] Posisjonen på knoklane held fram med å endra seg gjennom livet, og kan dimed vere viktig i kriminalteknikk og arkeologi. Alderdom kan føre til at saumane blir fullstendig forbeina.

Ledda mellom tennene og leddet mellom underkjeven og hovudskallen, kjeveleddet, er dei einaste ledda i hovudskallen som manglar saumer.

Liste over saumer[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste saumane er namngjevne etter knoklane dei artikulerar med, men somme har spesielle namn.

I hovudsak synleg frå sida (norma lateralis) og baksida (norma occipitalis)[endre | endre wikiteksten]

I hovudsak synleg frå framsida (norma frontalis) eller oversida (norma verticalis)[endre | endre wikiteksten]

  • Sutura frontalis — mellom dei to pannebeina, før desse smeltar saman til ein knokkel
  • Pilsaum — langs midtlinja, mellom issebeina

I hovudsak synleg frå undersida (norma basalis) eller innsida (norma basalis interna)[endre | endre wikiteksten]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Holck, Per (6. februar 2015). «ledd». Store medisinske leksikon. Henta 2. mars 2015. 
  2. «Module - Introduction to Joints». Arkivert frå originalen 17. desember 2007. Henta 29. januar 2008. 
  3. «kraniosynostose». Norsk Helseinformatikk, nhi.no. 30. oktober 2013. Arkivert frå originalen 2. april 2015. Henta 2. mars 2015. 
  4. Holck, Per (13. februar 2009). «fontanell». Store medisinske leksikon. Henta 2. mars 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]