Skambankt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skambankt
Skambankt.jpg
Opphav Klepp i Noreg
Sjanger Rock, hardrock
Aktive år 1994-1995, 2004 -
Plateselskap DogJob
Nettside Skambankt.com
Medlemmer
Terje Winterstø Røthing
Tollak Friestad
Hans Egil Løe
Børge Henriksen
Tidlegare medlemmer
Tom Egil Løe

Skambankt er ei norsk rockegruppe. Gruppa vart danna i 1994, av folk frå Klepp kommuneJæren. I starten spela dei nokre konsertar, men gav ikkje ut musikkalbum. I 2004 vart gruppa starta opp att for fullt, og gav ut musikkalbumet Skambankt.

Skambankt spelar ei blanding av rock'n'roll, punk og hardrock i tradisjonen frå til dømes Motörhead, AC/DC, Sex Pistols, Ramones og The Stooges. Alle songtekstane er på norsk språk og formidlar eit bodskap i punk-tradisjonen. Nokre stikkord kan vera tekstar mot Staten, mot Systemet, mot korrupsjon, kapitalisme, overvaking, religiøs fanatisme, og mot hat og svik.

Frå 2004 av har Skambankt spela på mange festivalar og konsertar i Noreg, Danmark og Tyskland. På Roskilde Festival i 2005 spela dei for 20 000 festivaldeltakarar.

I 2005 lanserte dei EP-plata Skamania, med seks nye songar og to videoar. Mot slutten av året vart «Tom Skalle» på trommer erstatta med «Bones Wolsman». Eit nytt musikkalbum er under innspeling, planlagt for utgjeving i 2007.

Med i Skambankt (alle har eit alias)[endre | endre wikiteksten]

Frontfigur Terje Winterstø Røthing spelar òg i Kaizers Orchestra.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • Skambankt (DogJob, 2004)
  • Skamania (DogJob, 2005)
  • Eliksir (DogJob, 2007)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]