Skandinavisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plakat frå 1800-talet som symboliserer skandinavisk samarbeid

Skandinavisme er omgrepet for den rørsla som, med bakgrunn i slektskapet åt dei skandinaviske folka, påverka Noregs, Sveriges og Danmarks politikk kring midten av 1800-talet og som elles òg på ulike vis har arbeidd for å føre dei nærmare kvarandre kulturelt og samfunnsmessig sett. Den første tendensen til skandinavisme kom allereie på 1700-talet frå dei vitskaplege og litterære krinsane i Danmark, men dette skjedde under innverknad frå den meir kosmopolittiske grunnhaldninga på den tida. Den uvennskapen som så lenge hadde halde dei skandinaviske folka frå kvarandre byrja på denne tida å gå i gløymeboka: Dei skandinaviske folka burde i staden kjenne seg som brør.

Ein sped start[endre | endre wikiteksten]

Allereie i 1761 var det ei einskild dansk røyst som tala for varig venskap mellom svenskar og danskar, og Gustav III av Sveriges besøk i København i 1787 vart helsa med ein artikel i tidsskriftet Minerva, der det vart skrive om kva glede ein kvar skandinav måtte kjenne over å sjå dei tre folka venskapleg vandre hand i hand. Ordet skandinav vart på denne måten smått om senn introdusert i språket. Eit par år seinare, 1792, heldt den danske professoren Jens Schielderup Sneedorff i Nordiska sällskapet i London eit føredrag om kor viktig «de tre nordiska rikenas förening» var. Skandinavisk literaturselskab vart danna 1796 i København og det utgav i mange år eit tidskrift, Skandinavisk Museum, som var meint å fremje dei litterære samband mellom dei to folka, men etter kort tid slutta tidsskriftet å publisere svenske bidrag. Frå Sverige kom det ei og anna imøtekommande røyst, som Frans Michael Franzén; dei byrja å leggje merke til den danske litteraturen, men framleis hadde det lite omfang.

På denne tida veksla politikken til dei skandinaviske styresmaktene mellom alliansar og krig. Mellom anna gjekk Danmark til åtak på Sverige då Napoleons gav ordre om det i 1808, og Gustav IV Adolf av Sverige la ulike planar for å erobra Noreg eller Sjælland. Under slike tilhøve var det ikkje merkeleg at Fredrik VI sine planar om å arva den svenske trona i 1809 og 1810 mislukkast, og lausrivinga av Noreg frå Danmark og deretter unionssambindinga med Sverige i 1814 verka snarast i antiskandinavisk lei.

Band blir bundne[endre | endre wikiteksten]

Det litterære og akademiske sambandet som tok til på 1800-talet blei viktigare. Både danske og svenske skaldar møttest i den felles norrøne kulturarven. Helsinga frå Esaias Tegnér til Adam Oehlenschläger då han fekk doktorgraden sin i Lund 1829 var eit symbolsk teikn på at tida med uvennskap var forbi. Professorar og studentar ved Københavns og Lunds universitet tok til å vitja kvarandre, og samferdsla blei letta av at eit dampskipsamband blei oppretta mellom Malmö og Danmark i 1828. I 1839 vitja ei rekke studentar frå Lund København; desse skålte for den «nordiske treeininga». Same året starta den entusiastiske skandinavisten Fr. Barfod utgjevinga av eit nordisk tidsskrift, Brage og Idun, og det første skandinaviska naturforskarmøtet blei halde i Göteborg i 1839.

Når ein ser bort frå samarbeid innanfor vitskap og litteratur, fanst skandinavismen berre på det private plan. Unionskongen Karl Johan sette seg mot skandinavismen. Dette gjekk mellom anna fram i eit diplomatisk rundskriv datert 1837 frå Gustaf af Wetterstedt kor dei svenske utsendingane i Norden vart åtvara frå å endra den dåverande ordninga i Norden. Mot slutten av 1830-åra voks liberale krefter fram i Danmark i protest mot det kongelege eineveldet. Samstundes som interessa for dansk språk voks i Slesvig, vart spørsmålet om ei nærare tilknyting til Danmark for dette området intenst drøfta. Dei liberale partileiarane Orla Lehmann og Carl Ploug og avisa Fædrelandet var sentrale i argumentasjonen for ei innlemming i Danmark. I denne politiske kampen søkte dei danske liberalane støtte hjå andre nordiske folk, især i Sverige. Etter kvart blei Danmark si samling heilt sør til elva Eider skildra som ei felles skaninavisk kampsak. Denne saka vann særleg støtte mellom svenske studentar og etter kvart òg mellom studentkrinsar i Noreg. Fleire felles-nordiske studentmøter vart skipa til. Universitetsstudentar frå Lund drog i 1842 til København, der Barfod heldt ein tale for Norden si eining og fridom. I 1843 gjekk den fyrste store studentmarsjen frå København og Lund til Uppsala. Retorikken som vart nytta, var svulstig. Kampen for eit fordanska landområde mellom Eider og Kongeaa, var viktig òg i Sverige, sa Ploug i ein tale i Kalmar, og han kravde støtte frå svensk side.


Regjeringane var uroa. Karl Johan hadde avvist ei skandinavisk rørsle. Det gjorde òg etterfylgjaren kong Oskar 1. I 1844 vart eit planlagt studentmøte i København utsett etter krav frå kong Oskar. I 1845 vart det skipa til eit slik møte i København. Òg norske representantar møtte, og den skandinavistiske gledesrusen nådde eit høgdepunkt. Eit Skandinavisk selskab hadde vorte skipa i København alt i 1843.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]