Skansenbrua
| Skansenbrua | |
Foto: Petr Šmerkl (2009) |
|
| Offisielt namn | Skansen bru |
|---|---|
| Transporterer | Jernbanebru |
| Kryssar | Vestre kanalhavn |
| Bane | Dovrebanen |
| Stad | Trondheim |
| Utforming | Klaffebru |
| Total lengd | 52 m |
| Seglingshøgd | 4 m |
| Opna | 22. mars 1918 |
Skansenbrua er ei jernbanebru i Trondheim. Den lèt Dovrebanen komme over Vestre kanalhavn og over på den kunstige øya Brattøra, som Trondheim Sentralstasjon ligg på. Skansenbrua er ei klaffebru; det vil seie at bruspennet kan hevast slik at høge båtar kan passere under.
Brua blei tatt i bruk for jernbanetrafikk 22. mars i 1918 og er den første av denne typen i Noreg. Seglingshøgda under brua når den ikkje er heist opp er 4,0 meter.[1]
Med sine 52 meter er dette det største bevegelege bruspennet i Noreg. Skansenbrua vart bygd i samband med Dovrebanens bygging, og avløyste den gamle smalspora brua som stod der tidlegare. Brua har to spor, men berre det eine blir brukt regelmessig. Brua er konstruert av Joseph B. Strauss, som òg var ansvarleg for den verdskjente brua Golden Gate Bridge i San Francisco.
Brua har ei motvekt opphengt i eit stangparallellogram og motorar og tannhjul for å løfte og senke klaffen på brua.
I 2005 blei Skansenbrua freda. Gruppa Adamseplene har lagd ein song med tittelen «Skansenbrua».
Referansar [endre]
Litteratur [endre]
- Bratberg, Terje T. V. (2008) Trondheim byleksikon, s. 479 – Kunnskapsforlaget, Oslo. ISBN 978-82-573-1762-1
Bakgrunnsstoff [endre]
- Riksantikvaren: Skansen jernbanebro fredet (26. januar 2006)