Skapinga av Haydn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hieronymus Bosch sitt måleri av den bibelske skapinga, som Haydn skildra med musikk.

Skapinga (tysk Die Schöpfung, engelsk The Creation) er eit oratorium skrive av Joseph Haydn mellom 1796 og 1798 og ofte rekna som hans meisterverk. Målet til Haydn var å skapa eit verk som kunne måla seg med Händel sine oratorium, men som var skrive i den høgklassisistiske stilen. Librettoen som låg som grunnlag for verket skildrar den kristne historia om skapinga av verda, med element henta frå John Milton sitt episke dikt Det tapte paradis.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

På fyrste halvdel av 1790-talet budde austerrikske Joseph Haydn stordelen av tida i Storbritannia, der han blei feira som den største komponisten landet hadde sett sidan Händel. Haydn blei særs imponert over ei storslagen oppsetting av Händel sitt oratorium Israel i Egypt. Haydn sjølv sa at nærare 900 menneske var involverte, andre kjelder seier mange fleire. Han tileigna seg også ein kopi av partituret til Messias. Haydn skal ha uttrykt ynskje om å skrive eit liknande verk, men i den moderne høgklassisistiske stilen han arbeida i.

Då Haydn kom attende til Austerrike i 1796 blei interessa for religiøs vokalmusikk fyra oppunder. Keisar Josef II lyfta då bannlysinga av instrumentalt akkopagnement i religiøs musikk. Mange av verka Haydn laga på denne tida var religiøs musikk, mellom anna Missa in Angustiis, betre kjend som Lord Nelson-messa, Jesu sju siste ord på krossen og Årstidene.

Johann Peter Salomon, impresarioen som fyrst fekk Haydn til England, gav han ein libretto basert på skapingsforteljinga frå Fyrste mosebok, med element frå John Milton sitt episke dikt Det tapte paradis (Paradise Lost). Opphavleg skal liberettoen ha vore skriven av ein mann ved namn Lidley (ein har aldri funne ut kven dette var, om han nokon gong har eksistert). Men Händel avslo å jobbe med librettoen sidan han meinte at stykket ville bli for langt. Baron Gottfried van Swieten, ven og sponsor av Haydn, sørgde sjølv for å få librettoen omsett til tysk. Haydn sjølv hadde særs mangelfulle engelskkunnskapar, også etter å ha budd i England i nesten fem år.

Van Swieten fungerte som meir enn ein omsettar. Han klarte å finansiere verket ved å overtala ei gruppe adelsfolk til å betala Haydn 500 dukatar i honorar; fem gonger meir enn det som var vanleg for ein opera på den tida. Han var òg musikalsk rådgjevar, noko som spesielt kom fram i den fargerike bruken av tonemåleri. Dette skulle seinare leia til eit brot mellom dei to, då Haydn irriterte seg over krav van Swieten kom med under komponeringa av Årstidene.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Besetning

Orkester:
3 fløyter
2 oboar
2 klarinettar
2 fagottar
1 kontrafagott

2 horn
2 trompetar
3 trombonar
timpani

Fyrstefiolinar
Andrefiolinar
Bratsjar
Cello
Kontrabassar

Cembalo

Roller:
Rafael: Bass
Uriel: Tenor
Gabriel: Sopran
Adam: Bass
Eva: Sopran
Ein altsolist utan rolle er påkrevd i sats 35.

Haydn delte sjølv verket inn i tre delar. Inndelinga i 35 satsar dukkar fyrst opp i partitur mykje seinare, og enkelte opptak og partitur inneheld eit anna tal. Om dette er 34, er det vanlegvis fordi ein har kopla overtyren og det fyrste resitativet saman.

Oxford Philomusica & New College Choir gjer opptak av Skapinga.
Foto: Jonathan Barker, 2008

Orkesteret nytta i Skapinga er eit lett forstørra klassisk orkester. Nytt var det at ein hadde med tre fløyter i staden for to. Dette var kanskje for å framheva tonemålinga som fløytene stod for. Her var også med kontrafagott og trombonar. Cembaloen var ikkje på denne tida vanlegvis erstatta av fortepianoet, men kan i denne samenhengen vore vald for å skapa ei arkaisk stemning.

Vanlegvis blir Rafael/Adam og Gabriel/Eva spela av same person. Det er òg verd å merka seg at det for Haydn ikkje var noko merkeleg i å la Gabriel, ein mannleg engel, vera sopran. På denne tida var det ikkje uvanleg med mannlege sopranar (ein korleiar prøvde faktisk å tvinga Haydn til å ta eit kirurgisk inngrep som skulle gjera han til «permanent sopran» då han var 17.)

Fyrste akt[endre | endre wikiteksten]

I fyrste akt blir det fortald korleis Gud skapa jorda. Overtyren til Skapinga, kalla «førestillinga av kaos», er Haydn sin musikalske visjon av ingen ting; korleis «verda» var før noko var skapa. Satsen er kaotisk og kvileslaus, for Haydn manipulerer musikken slik at sjølv om ein hovudsakleg jobbar i c-moll, føler ein ingen klar toneart. Overtyren endar utan ei tilfredstillande oppløysing (ikkje ein gong ein avsluttande kadens), og leiar over til eit resitativ som forklarar korleis Gud skapa ljoset. Fyrst når ljoset blir skapa får ein følinga av tonalitet, men no er ein plutseleg ikkje lengre i c-moll, men i c-dur.

I den tredje satsen finn ein dei einaste restane av diktet til John Milton, der dei himmelske skarane jagar helvetesmaktene ned i «avgrunnar med evig natt», for å gjera klart for at den nye verda kan skapast.

I resten av fyrste akt blir jorda forma. Vatnet blir samla så land kan koma til, det blir laga forskjellig vêr, plantar byrjar å vekse, og sola står opp. Akta sluttar med satsen «Die Himmel erzählen die Ehre Gottes» (tilnærma 'Himmelen hyllar Gud sin herlegdom'), som kanskje er den mest kjende frå heile oratoriet.

Andre akt[endre | endre wikiteksten]

I akt to skapar Gud dyr, fuglar og fisk. Denne delen er verdt å merkja seg for eksempla på tonemåling. Fuglesong blir imitert av treblåsarane, og ein av dei mest kjende effektane frå oratoriet er i sats 22, der orkesteret lagar eit dissonant «brøl» når løva blir skapa. Akta sluttar med at Gud skapar menneska, og at alle vesen hyllar skaparverket.

Tredje akt[endre | endre wikiteksten]

I den tredje akta vaknar Adam og Eva, og ein tek del i alle handlingane deira før syndefallet. Av desse er duetten «Holde gattin» (tilnærma 'Elska make') spesielt kjend, som ein parallell til Papageno og Papagena frå Mozart sin opera Tryllefløyten.

Blad for ei framføring av The Creation i Boston i 1846.

Den engelske omsetjinga[endre | endre wikiteksten]

Haydn ynskte at ein skulle kunne framføre Skapinga både på tysk og engelsk, og fekk Baron van Swieten til å laga ei engelsk omsetjing av den tyske librettoen. Van Swieten var ein god alliert på mange måtar, men han hadde utilstrekkjellege kunnskapar i engelsk til å kunne omsetja eit så stort verk som Skapinga. Verket har difor vore plaga med ein ikkje særleg grasiøs engelsk tekst, som moglegvis har hindra verket frå å fullbyrda potensialet sitt i engelskspråklege land.

Frå prøvane til ei oppsetjinga av Skapinga i Leeds i 2007.

Mottaking og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Premieren av Skapinga var ein triumf ein sjeldan har sett maken til i musikkhistoria. Verket blei fyrst framførd i Palais Schwarzenberg den 29. april 1798 (med ei ekstraframføring dagen etter). Desse framføringane var berre for spesielt inviterte, allmugen fekk fyrst høyra verket i Burgtheater i Wien den 17. mars 1799. Verket blei i løpet av dei 10 åra Haydn hadde att å leva sett opp over 40 gongar, over heile den vestlege verda. Dette var eit ekstraordinært høgt nummer på denne tida, då ein enno ikkje hadde utvikla eit musikalsk standardreportoar, og eit vanleg verk ofte ikkje blei høyrd etter sesongen det var laga for.

I løpet av 1800-talet blei Skapinga, som Haydn sjølv, kritisert for å vera banalt positiv. Som ei enkel løysing føreslo enkelte at ein burde fjerna Adam og Eva sin duett «Holde gattin», og den avsluttande hyllesten til Gud. Ein grunn til dette var at desse inneheldt klare menneskelege trekk, og passa ikkje inn i eit verk som elles var opphøga over det verdslege. Andre meinte at dei obskurerte det som blei sett på som den essensielle delen av Eden, syndfallet. Sjølv om vi i dag ser at dette forslaget er farga av romantikken sitt dystre verdsyn, annerkjennar ein like fullt at Skapinga manglar ein konflikt, som har vore rekna som grunnlaget for dramaet. Oratoriet baserer seg i staden på å fortelja historia slik ein ville fortelja det til eit born som aldri hadde høyrt historia før, moglegvis det næraste ein kan koma ein antitese til romantikarane sitt syn på verda og musikken.

I den tyskspråklege verda held Skapinga, saman med Årstidene, den same posisjonen som oratoria til Händel held i England og USA]. I den engelskspråklege verda er ikkje verket halde like høgt, moglegvis på grunn av den mangelfulle oversettinga til van Swieten.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]