Skarn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mikrofotografi av skarn i polarisert lys.

Skarn er ei uregelmessig masse av kalsiumsilikatrike mineral i kontaktsonen mellom ei djupbergart og ein tilgrensande karbonatrik bergart. Skarn blir danna ved at kalksteinar eller dolomittar blir tilført gassar og løysingar frå framtrengande djupbergarter. Som reaksjonsprodukt blir ulike silikat danna av kalsium, magnesium, jarn og aluminium (skarnmineral), særleg granat, pyroksen, amfibol, epidot og vesuvian.

Oksidiske ertsmineral som magnetitt eller hematitt kan òg opptre. Ved tilførsel av svovel kan galenitt, sfaleritt og andre sulfidiske malm-mineral dannast i større mengder. Slike skarnmalmar er av stor økonomisk tyding.

Namnet er eit gammal svensk bergmannsomgrep for verdilaus bergart i samband med einskilde malmar.

I Noreg finst skarnbergartar og skarnmalmar særleg i Oslofeltet med førekomstar av sink, bly, kopar, jarn og vismut og ved Arendal (jernmalmar av magnetitt).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Skarn. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 1. desember 2013 frå http://snl.no/skarn.