Skarpnebb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skarpnebb

Status i verda: LC Livskraftig

Skarpnebb i sørlege BrasilFoto: Elis Simpson
Skarpnebb i sørlege Brasil
Foto: Elis Simpson

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Oxyruncidae
Slekt: Oxyruncus
Vitskapleg namn
Oxyruncus cristatus
Swainson, 1821

Skarpnebb, Oxyruncus cristatus, er ein sporvefugl med utbreiing i fjellrike område av tropisk Sør-Amerika og sørlege Sentral-Amerika frå Panama nord til Costa Rica. Han er einaste arten i den biologiske slekta Oxyruncus og er for tida rekna som einaste i familien Oxyruncidae.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Denne arten er 17 cm i lengd, og veg frå 35 til 42 gram.[1] Han har ei olivengrøn overside med gult mot kanten av vengene. Hovud og hals har dominerande mørke striper på grått, undersida er bleikgul i grunnfarga med mørke flekker. Øvst og litt bak på hovudet finst ei lite synleg raud krone, hos hofuglen oransje. Krona har ein mørk kant hos begge kjønna og kjønna er elles mykje like. Nebbet er rettpeikande og kvast. Songen deira er ei kraftig, langtrekkjande lang trille som minkar i intensitet, 'sjiiiiiiiiuuaa' , to til tre gonger i minuttet.

Fuktig til våt skog ved fjellsider er typiske habitat for skarpnebb, dei går opp til 1800 moh. i Venezuela.[1] Skarpnebb har ein diett av frukt hovudsakleg, men dei vil òg ta insekt, og hengjande akrobatisk opp ned i frå kvistar tar dei insektlarver. Dei vil òg streife rundt etter mat i fleirartsflokkar saman med tanagarar, vireoar og kotingaer. Hofuglane byggjer reiret, det er lite koppforma og ligg opent på enden av ei grein. Føda til ungane er oppgulp.

Skarpnebb har vore lista saman med kotingaer, men er i dag ofte rekna som einaste medlemmen av familien Oxyruncidae. Nyare genetiske bevis peikar mot at han høyrer heime i familien Tityridae[2][3], den søramerikanske klassifiseringskomiteen tilrår at han haldast som incertae sedis framtil den nye plasseringa er stadfesta av fleire data.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar

  1. 1,0 1,1 Hilty, Steven L. (2002-11-29). Birds of Venezuela. Christopher Helm Publishers Ltd. ISBN 0713664185. 
  2. Ericson, P. G. P., D. Zuccon, U. S. Johansson, H. Alvarenga, and R. O. Prum. 2006. Higher-level phylogeny and morphological evolution of tyrant flycatchers, cotingas, manakins, and their allies (Aves: Tyrannida). Molecular Phylogenetics and Evolution 40:471-483.
  3. Ohlson, J. I., R. O. Prum, and P. G. P. Ericson. 2007. A molecular phylogeny of the cotingas (Aves: Cotingidae). Molecular Phylogenetics and Evolution 42:25-37.