Skarsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Skarsfjorden vert òg stundom nytta som namn på Skardsfjorden.
Skarsfjorden
fjord
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Tromsø
Kart
Skarsfjorden
69°57′49″N 18°49′25″E / 69.96373306°N 18.8237°E / 69.96373306; 18.8237

Skarsfjorden er ein fjord på vestsida av Ringvassøya i Tromsø kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 6 km austover til Nordkjosen i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Teistholmen i nord og Bjørnsneset i sør. Fjorden strekkjer seg generelt austover, men på sørsida av fjorden går dei to vågane Sørkjosen og Austerbotn på kvar si side av Skogøya. Bygda Skarsfjord ligg på nordsida av fjorden ved inngangen til bukta Nordkjosen som ligg heilt nord og inst i fjorden.

Fv66 går langs austsida av den indre delen av fjorden.