Skhinoúsa
Skhinoúsa (gresk Σχοινούσα) er ei lita øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. I 2001 hadde ho 206 innbyggjarar. Ho har eit areal på 8,5 km², er 5,5 km lang og på det breiaste 4 km.
Skhinoúsa var tidlegare eigen kommune, men inngår frå 2011 i kommunen Náxos og dei små Kykladane, som er ein del av periferieininga Náxos i periferien Dei sørlege egeiske øyane.
Øya ligg mellom Iráklia og Kéros, og like sør for Náxos.
Bakgrunnsstoff[endre]
- Introduksjon til Skhinoúsa ved schinoussa.gr
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Schinoussa frå Engelsk Wikipedia .
|
|
||
|---|---|---|
|
Ándros • Tínos • Mýkonos • Dílos • Rínia • Sýros • Jyáros • Kéa • Makrónisos • Kýthnos • Sérifos • Vous • Serifopoúla • Sífnos • Kímolos • Polýegos • Mílos • Andímilos • Andíparos • Despotikó • Páros • Náxos • Skhinoúsa • Iráklia • Koufonísia • Kéros • Donoúsa • Amorgós • Folégandros • Síkinos • Kardiótissa • Íos • Santoríni (Thíra) • Thirasía • Anáfi |
||