Ski

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For kommunen i Akershus, sjå Ski kommune. For andre tydingar, sjå ski (fleirtyding).
Ein skiløpar og ein snøbrettkøyrar set utfor.

Ski er avlange, tynne plankar til å gli på snø med. Ski har to fordelar: Dei fordeler vekta utover eit større område, slik at ein ikkje fell gjennom snøen, og dei gjev glid, slik at ein kan koma seg fortare av garde.

Dei eldste skia som er funne er kring 8000 år gamle og er frå Russland.[1]

Ein laga tidlegare ski av eitt trestykke, men i dag er dei gjerne sett saman av ei blanding av glasfiber, kevlar, titan og anna. Mange ski har likevel framleis ein kjerne av tre.

Ordet «ski» tyder også «kløyvd trestykke» som ein til dømes finn i ordet «skigard» (gjerde av kløyvde trestykker) eller «vedski». På oldnorsk var ordet «skið» (kløyvd trestykke, trestykke til å gå på snø) eller «skiða» (kløyvd trestykke), på engelsk finn ein tilsvarende «shide» i tydinga «tynt, kløyvd trestykke». På middelhøgtysk finn ein det liknande ordet «schíten» som tyder å kløyve.[2]

Jacques de la Tocnaye reiste gjennom Noreg i 1799 og han fekk for første gong sjå ski i bruk.[3]

«Om vinteren fraktes posten [over Filefjell] av en mann som går på en slags sneskøyter og kommer utrolig raskt av gårde uten å la seg hindre av snefonner som ville oppsluke både folk og hester. Folket i disse trakter forflytter seg gjerne på denne måten. Jeg har sett det gjentatte ganger. Det krever ikke større kroppsanstrengelse enn hva som trengs for å holde varmen. Den dag kommer sikkert da også de andre europeiske nasjoner lærer å dra nytte av dette praktiske og billige fremkomstmiddelet.»

Jacques de la Tocnaye
En franskmann i Norge i 1799 (Cappelens forlag 1980).
I samband med at han kryssar fjellet mellom Bergen og Christiania midtvinters.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Skimuseet: «Skihistorie»
  2. Falk, Hjalmar og Alf Torp (1903): Etymologisk ordbog over det norske og det danske sprog. Kristiania: Aschehoug
  3. Tocnaye, Jacques de la (1980): En franskmann i Norge i 1799. Først utgitt i Brunswick 1801. Norske utgåve: Cappelens forlag.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]