Skiáthos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Skiáthos
Lokalt namn: Σκιάθος
Skiáthos hamn
Skiáthos hamn
Geografi
2011 Dimos Skiathou.png
Stad Egearhavet
Koordinatar 39°10′N 23°29′EKoordinatar: 39°10′N 23°29′E
Øygruppe Dei nordlege Sporadane
Areal 49,9 km²
Administrasjon
Land Hellas
Periferi
Periferieining
Thessalía
Sporadane
Demografi
Folketal 6 088 (2011)
Folketettleik 122,0 /km²

Skiáthos (gresk Σκιάθος, latinsk Sciathos eller Sciathus) er ei øy i Egearhavet som høyrer til Hellas.

Skiáthos er ein eigen kommune som tidlegare høyrde til Magnisía prefektur, men frå 2011 inngår øya i periferieininga Sporadane i periferien Thessalía.

Hovudbyen er Skiáthos by, og elles finst mellom anna landsbyane Kalývia, Kanapítsa, Koukounariés, Troúllos og Xánemos. Skiáthos ligg vest for Skópelos og er den vestlegaste øya i øygruppa Dei nordlege Sporadane. I vest ligg fastlandet med området Magnisía. Namnet på øya har sitt opphav i antikken.

Skiáthos by har ein skule, ein latinskule, eit gymnas, mange kyrkjer, bankar, eit postkontor og ein markedsplass (plateia). Byen har ei hamn som gjev ly for småbåtar og som har ferjesamband til Skópelos, Vólos, Ájos Konstandínos og resten av Hellas.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Mykje av øya er skogkledd. Området rundt landsbyane og Skiáthos by er derimot jordbruksområde. Skogane på øya består av furu og ligg på den søraustlege delen av øya. Ein kan sjå øya Skópelos frå Skiáthos og i klårvér kan ein óg sjå øyane Évvia og Skýros. Det høgaste punktet på øya ligg i vest og her står det ei kommunikasjonsmast.

Skiáthos har om lag 70 strender, inkludert ei nudiststrand i den sørlege enden av øya kalla Little Banana Beach.

Aust for Skiáthos ligg Arkó, Répi, Tsougriá og fleire andre småøyar som høyrer til Skiáthos kommune. Ingen av dei er busette.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Øya har båtsamband til Thessaloníki, Vólos og Ájos Konstandínos, i tillegg til dei andre øyane i Dei nordlege Sporadane. Nordaust på øya ligg det óg ein flyplass. Flyplassen har ein svært kort rullebane, og er berre om lag 1 570 meter lang. Ofte fører dette til at fly må mellomlande (som oftast i nærleiken av byar som Vólos, Kavála, Thessaloníki) for å fylle meir drivstoff, sidan dei fleste flya må ta av med lite drivstoff for å kunne lette.

Skiáthos, stranda ved Koukonariés.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I antikken hadde øya ei lita rolle i persarkrigane. I 480 fvt. vart flåten til den persiske kongen Xerxes råka av ein storm og fekk store skader langs klippene på kysten av Skiáthos. Etter dette låg den greske flåten i kamp med den persiske ved Artmisium, men klarte til slutt å ta den persiske flåten under slaget ved Salamis. Skiáthos vart verande i Det athenske sjøforbundet fram til det mista sjølvstendet sitt. Byen vart øydelag av Filip V av Makedonia i 200 fvt.

Bourtzi ved Skiáthos ved daggry.

I mellomalderen vart øya stadig rasert under åtak frå sjørøvarar. I 1207 erobra Gyzi-brørne øya og bygde Boúrtzi, ei lita festning i venezisk stil liknande Boúrtzi i Návplio, på ein holme utanfor Skiáthos by, for å verne hovudbyen frå fleire åtak. Festninga var derimot lite effektiv, og på midten av 1300-talet flytta innbyggjarane hovudbyen frå den gamle staden, som låg der den moderne Skiáthos by ligg i dag, til Kástro (det greske ordet for borg), på ein høg klippe over sjøen heilt nord på øya. Kástro vart verande den einaste busetnaden på øya fram til slutten av den greske sjølvstendekrigen då hovudbyen vart flytta tilbake til sin opphavlege stad.

I 1704 bygde munkar frå Áthos klosteret Evangelístria, som spelte ei rolle i den greske sjølvstendekrigen som ein gøymestad for greske opprørarar.

På 1800-talet vart Skiáthos eit viktig senter for skipsbygging i Egearhavet, sidan det var rikeleg med furuskog på øya. Furuskogen vart nesten utsletta, men då dampbåtane kom betra tilhøva seg. I dag ligg det eit lite skipsverft nord for Skiáthos by, som framleis byggjer greske kaiki.

I 1964 vart Skiáthos vald som ei utviklingssone for turisme. Dette førte til store endringar på øya for å tilpasse seg turistindustrien, mellom anna kystvegen frå Skiáthos by til Koukounariés, bygginga av flyplassen i 1984 og det første store hotellet ved stranda Koukounariés. Langs kystvegen har det sidan vorte oppretta mange hotell og øya har vorte ein viktig turistdestinasjon.

11. juli 2007 spreidde ein skogbrann seg raskt over øya. Alle innbyggjarane i Ajía Paraskeví vart evakuert, og turistar måtte forlate øya. [1]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]