Ski kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ski kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 0213
Fylke Akershus
Adm.senter Ski
Areal 165 km²
Folkemengd 29 307 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2011-) Anne Kristine Eikebråten (H)
Målform Nøytral
Nettstad www.ski.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 0213.svg
Ski kommune på Commons

Ski er ein kommune i Akershus fylke. Kommunen grensar i nord til Oppegård og Oslo, i aust mot Enebakk og Hobøl, i sør mot Ås, og i vest mot Frogn.

Ski er òg namnet på administrasjonssenteret i kommunen. Ski fekk sommaren 2004 bystatus, og er eit knutepunkt for jarnbanen i Oslo-området. Ski er regionsenter for Follo-området.

Ski kjem frå den gamle forma Skeidi. Skeidi er igjen ei avleiing av ordet skeid, som tyder ein stad der ein held kappløp eller kappriding. Ski kommune har hestehovud i sitt kommunemerke.

Kommunen har tettstadane Ski (om lag 12000 innbyggjarar), Langhus (15000), Kråkstad (2000) og Siggerud (1000).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]