Skien kommune
| Skien kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 0806 |
| Fylke | Telemark |
| Adm.senter | Skien |
| Areal | 778 km² |
| Folkemengd | 52 459 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2011-2015) | Hedda Foss Five (Ap) |
| Målform | Nøytral |
| Nettstad | www.skien.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Skien kommune på Commons | |
Skien kommune, uttala /²ʃeːen/ [²ʃeːɛn̻], er ein kommune i Telemark fylke. Kommunen grensar til Sauherad og Kongsberg i nord , Siljan i aust, Porsgrunn og Bamble i sør, og til Drangedal og Nome i vest. Byen Skien er ein av dei eldste byane i Noreg, og har røter attende til år 900.
Kommunen har ei flatevidd på 778 km², der om lag 479 km² er skogareal, 46 km² jordbruksareal og 57 km² ferskvatn. Dei 197 km² som er igjen er byområde, bustadområde og industriområde.
Det eldste bygget i kommunen er Gjerpen kyrkje, bygd før 1150. Det høgaste punktet er Skårrafjellet, 814 moh.
Innhaldsliste |
Tilknytte Skien [endre]
Henrik Ibsen vart fødd i Skien i 1828 og budde i Skiensområdet til han var 16 år. Den store diktaren har gjeve namn kulturhuset i byen, Ibsenhuset.
Odds Ballklubb er ein av dei eldste fotballklubbane i landet, stifta i 1894.
Kjende personar frå Skien [endre]
- Henrik Ibsen (1828-1906), forfattar og dramatikar
- Hjalmar Johansen (1867-1913) polfarar og idrettsmann
- Tor Åge Bringsværd (f. 1939), forfattar
Heile Skienssongen i tekst og lyd.
Verdt å sjå [endre]
Bydelar [endre]
- Gjerpen
- Falkum
- Borgestad
- Hyni
- Gulset
- Strømdal
- Solum
- Skotfoss
- Gimsøy
- Klyve
- Nenset
- Tollnes
- Menstad
- Mælum
- Kilebygda
- Åfoss
Venskapsbyar [endre]
Skiensdialekten [endre]
Tradisjonelt talemål i det området som no ligg innanfor grensene av Skien kommune, er variantar av grenlandsmålet, som blir klassifisert mellom dei vikværske dialektane.
Bakgrunnsstoff [endre]
Fotnotar [endre]
| Kommunar i Telemark | ||
|---|---|---|
| Bamble · Bø · Drangedal · Fyresdal · Hjartdal · Kragerø · Kviteseid · Nissedal · Nome · Notodden · Porsgrunn · Sauherad · Seljord · Siljan · Skien · Tinn · Tokke · Vinje | ||